Månad: mars 2013

Vellykka påskerevy og fest

Så var dei tilbake igjen, den lokale revygjengen Lise Tjeltveit, Lene Hjorteland, Maria Brandal og Sven Westersjø – og med seg i år år hadde dei to nye (hemmeleghaldne) lokale stjerneskot: Solveig Bog Bouzane og Frode Tjeltveit. Saman snekra dei sju  til påskerevyen «Fugladansen» – med ablegøyer på scenen og på videofilm – og trakk …

KorNøye drog to fulle hus !

Fekk du ikkje med deg det verdensberømte (?) koret KorNøye og deira «Fugladans» på Påskeaften?? Følg med her på Jøsnes-siå……etterkvart skal òg du få eit ørlite glimt inn i deira showbuiss-verden!

Vårteikn i bygda

Solveig Bog Bouzane bada på 1.april – og det er INGEN APRILSNARR !! Men tvert i mot eit vårteikn, må me vel seie…brrrr…i Nesvik har de visst gått bananas med den badinga Sprekt i kulden !   I Austad begynnar dei blå scillaene å dukke opp or den harde jorda. Foto Eldbjørg Tednes   Også …

Jubilant på Krogane

Vår kjære moster Karina fyller 85 år i dag 30.mars. Hilsen små og store i Krogane. Det kom inn ei helsing til «redaksjonen» frå Margaret Buene i Krogane, til si moster, som var inne på www.jøsneset.no for første gong i går Dei syns det hadde vore stas om ho fekk sjå ei helsing til seg …

Påskesol ned i vest

  Påsken 2013 må vel gå inn i historia som tidenes beste – iallefall har sola fått regjert på himmelen heilt aleine – utan ei sky – heile påskeveka til endes ! (og fullmånen har regjert aleine på nattehimmelen) . Her går sola ned i Nedstrandsfjorden; tatt frå ein terrasse i hyttefeltet i Knutsvik….dette er …

Fransk TV på Skiftun kai

Då det franske TV-teamet M6 og det populære franske kokkeprogrammet TOP CHEF med 4 mill sjåarar for første gong i historia bevega seg ut av fransk jord, var det SKIFTUN KAI valget falt på !!! Her blei episode nr 9 i denne gigantiske kokkekampen filma torsdag 8 november 2012, og det 3 timar lange programmet blir sendt på fransk …

Fullsett Basarkveld

Ingen påske utan BEDEHUSBASAREN, og slik vart det òg i år. Styret i Bedehuset skipar til god, gammeldags basar der inntekta går til naudsynt vedlikehald av bedehuset i bygda. Basaren er ein populær begivenhet; ikkje minst for tilreisande påskegjester. Bedehuset var fullsett denne kvelden, og leiar i bedehusstyret Trygve Brandal var nøgd.   Bedehuset var …

Våronn i Nesvik

Me har mottatt fleire påskebilder frå Nesvik, og her er det vårstemning: Lars Reidar og Sigbjørn Nesvik er tidleg ute med våronna i skråninga ned mot båthamna. Det er nok mange bønder rundt om i Norges land som kunne tenkt seg og gjort det same nå; men kulden og snødekket over landet gjer nok sitt til …

Påskebadet !!

Påskeliv er ikkje berre ski og appelsiner: men også bading!! Her er det friskusen Tobias Skjennum Vigesdal frå Sandes som tar årets første bad i Nesvikstranda tirsdag i påskeveka…..ansiktsuttrykket fortel vel det meste om temperaturen     Og her er beviset på at han dukka seg heilt under Fantastisk bra Tobias ! (Foto: Edvard Vigesdal) …

Påskerevy og Påskedans

Det er PÅMELDING !!! Les heile plakaten HER.NB NB: på plakaten her og skriva som blei sendt ut i postkassen var Lise sitt telefonnummer FEIL. Dette er nå korrigert på plakaten her.  Rett tlf.nr til påmelding er 975 31 845.  Dersom du alt har sendt SMS, bør du sjekke om det var rett nr.

Kaffetreff på Jøsneset bedehus

Kaffetreff på Jøsneset bedehusFredag 5 april. Kl. 19.30 Mye sang og musikk avGaute Melberg med døtrene Ann Iren og Grete Reidar Andersen blir og medAndakt med Gaute MelbergMatøkt.Alle hjertelig velkomne.

Totalforbud mot bålbrenning

Konstituert brannsjef Johan Mjølhus melder at det nå er totalforbod mot open ild og brenning ute i terrenget i Hjelmeland fram til det generelle forbodet 15.april. Det er svært tørt i gras og utmark, så vær OBS !

Send oss dine PÅSKEBILDER

Så var dei endeleg her igjen…tjelde-paret som kjem att vår etter vår på den same steinen i Skiftustranda – litt seint i år i den kalde våren, men dei kom, og dei er eit like sikkert tidleg vårteikn som lamma i sauefjøsa, som gåsungane som snart sprett ut, som krokusar og snøklokker.  Send oss foto av eit …

6 dagar igjen til Påskefest

  ….ryktet om Påskerevyen sprer seg stadig

Melding frå årsmøte helselaget

Leiar Svanhild Elise Hjorteland. Vi hadde besøk av Åsmund Sigmundstad som presenterte bulyst-prosjektet «Hjelmeland 24-7» Glemte visst å ta bilde av han ble så opptatt av å følge med på bildene han viste fram, blant anna frå arbeidsgruppa på Jøsneset sitt arbeid     Tradisjonen tru var det basar på årsmøtet. Dette var ein flott …

Første lam på Jøsneset?

Det er kome lam på Åsland! Anniken, Ronja og far Eilef Foss lurer på om det er dei første lamma i vår på Jøsneset? Lamma vart fødde 21.03.13, og det er kome 5 lam til no.

Me minner om BEDEHUSBASAR i kveld

Tradisjonen tru blir det BEDEHUSBASAR på Jøsneset bedehus onsdag 27. mars kl 19.00. Andakt ved prost Sigrid Sigmundstad.Matsal i kjellaren. Kakeutlodning og vanleg utlodning.Komiteen tek imot gåver til basaren med takk.Vel møtt til alle frå Bedehusstyret.

Takk for bidrag til Fasteaksjonen

Denne veka gjekk dei 6 konfirmantane i bygda rundt frå hus til hus med bøsser: innsamling til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Det var Helga Havnerås som kooridinerte innsamlinga og som frakta bøssene vidare. Ho fortel at dei samla inn kr 5 666,- her på Jøsneset. Og konfirmantane fortel at dei blei tatt godt imot hjå folk. …

RiksvegRiddarane trør til igjen

 Alle huskar vel den festlege «landplaga» frå Suldal Billag for eit par år sidan: «Me kjører buss». Nå er dei her igjen!! Heile gjengen trør til igjen med slagaren «RiksvegRiddarane» Trykk på fotoet, eller HER, og høyr den flotte musikkvideoen frå Suldal Billag….og ser du nøye etter, så ser du ein og annan lokal skulebuss-sjåfør …

Påsken på MIXn Nauste

Cesilie på MIXn Nauste melder at dei har opent kvar dag i påsken frå kl 10.00 – 21.00 f.o.m palmefredag 22.mars t.o.m 2.påskedag 1.april …..så løp og kjøp