Eventyrleg vinterferiestart

  
Vinterferien er over oss, og starta med eit usedvanleg vakkert og flott vær: kaldt, heilt vindstille og eventyrleg snøforhold innover heia vår. Det er berre ein ting å seie folkens – få på dykk skia !! Her frå Fosstemmen – det er brøyta fine, slette, breie spor innover skogsvegen, og kjempefint både å gå på ski og renne på akebrett. Det er sjeldan at ski-og snøforholda på Jøsneset ligg så flott til rette som akkurat nå – og godværet skal halde seg utover halve neste veke.

Utfordringa ift skigåing på Jøsneset er at ein må bære skia opp dei bratte Fossbakkane  – her er ingen skitrekkWink. Men skogsvegen er brøyta og det er gode/harde traktorspor å gå i den første, brattaste delen, så det er likevel «lett-gådd».


Den kalde, stille lufta me har hatt siste veka har medført at snøen frå sist helg framleis heng tungt på kvar ei lita, tynn grein. Det gjer at landskapet innover rett og slett er eventyrleg vakkert ! Her med Fosstemmen og «Kalvagaren» i bakgrunnen.


Dei tunge bakkane er unnagjort på 1-2-3 på slikt føreTongue out, og då får ein lønn for strevet med flott utsikt ut over Gardsundet. Bildet er tatt nesten oppe ved Krokastemmen (der slutta det gode oppbrøyta sporet).

..
Frå Krokastemmen og vidare innover er det ikkje brøyta spor, så der må du «brøyte» sjølv. Vedig tungt, for laussnøen er nesten 1/2 meter djup – men laus, lett og og krystallaktig snødekke gjer det verdt strevet.


Her er det heilt stille og vakkert, og berre eit revaspor og eit hjortatråkk å sjå her og der.


Djupe spor er tunge å trakke. Få med deg ein venn og to og tre, så kan de bytte på å trakke foran – og då går det fint å kome seg heilt til Gunlanuten om du vil. Då vil du få garantert knallgod trim for armar og lår –  og ei flott turoppleving.


MEn: Det kjekkaste av alt !! Nedturen !! Kryp ned i hockey og lat som du er Aksel Lund Svindal – så – svusj…..du er nede igjen òg på 1-2-3.
(uups…du treng kanskje ikkje gi fullt så mykje gass som han – opplevinga vil likevel bli på linje med VM-gullSmile ¨)

Du kan renne på skia heilt ned til Foss…..

Dersom du ikkje vil ha fullt så mykje motbakkar opp, er det eit alternativ: etter den bratte bakken etter Orva, tar du av frå hovudskogsvegen  og gå innover skogsvegen mot Jiskelid (krysset er skilta). Innover her er det flatt og flott skogsterreng eit par km innover på skogsvegen, under foten av Valafjellet. Veldig fin tur, og her er du i hjortens rike….ikkje uvanleg å møte både ein og fleire hjortar i spora her. Skogsvegen endar ved den gamle skogshytta i Jiskelid, og du tar same sporet tilbake.

Eller: dersom du vil kome enda enklare til flott skiterreng: kjør til Hedlebrekk eller Gullingen, 35 min frå Nesvik. Der er det fantastisk gode, nyoppkjørte breie, fine spor og nydelege forhold. Veldig barnevennleg. Lysløype òg. Sjekk ski-og løypeforhold HER, og aktivitetstilbodet på Gullingen i vinterferien HER

Og på Bjødnabu på Hjelmeland er òg spora kjørt opp, det er lysløype og glitrande forhold.

Alt ligg vel til rette for at nettopp DU skal få ein flott og aktiv vinterferie-veke !!

…vil du helle trimme inne, seier du?, ja, då møter du på volleyball onsdag kl 20:-)

Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.