Månad: februar 2013

Barneklær ønskes

Mann fra Latvia, som for tiden arbeider på Jøsneset, ønsker å arve klær til datteren sin fra 1 til 3 år i størrelse. Klærne kan leveres på helselaget sin damekveld siste torsdag i februar; 28.02.13 kl. 20 på Trivselståvå. Eller dei kan leverast til Paula Foss i Knutsvik tlf 97600814.

Send oss dine vinterferiebilder

Send oss gjene bilder frå DIN vinterferie: anten det er frå sjøen, heia, hagen, bygda, inne eller ute. Sendast til ungdomslaget@josneset.no

Les om Arthur i Aftenbladet

Les om den spreke og stadig like samfunnsengasjerte Arthur (93) i laurdagens utgåve av Stavanger Aftenblad HER, eller i lørdagens papirutgåve.Arthur følgjer med på den pågåande debatten om pelsdyroppdrett, og har meiningar stikk i strid med eige parti. Arthur er jo som kjend framleis vararepresentant i kommunestyret for Ap, og har elles eit anna framtidsretta mål …

Årsmøte og basar Helselaget

Her finn du lapp om årsmøte og basar i Jøsneset helselag.

Eventyrleg vinterferiestart

  Vinterferien er over oss, og starta med eit usedvanleg vakkert og flott vær: kaldt, heilt vindstille og eventyrleg snøforhold innover heia vår. Det er berre ein ting å seie folkens – få på dykk skia !! Her frå Fosstemmen – det er brøyta fine, slette, breie spor innover skogsvegen, og kjempefint både å gå på …

Volleyball i vinterferien

Volleyballen dabbar og fyk over nettkanten kvar onsdag, med godt frammøte og god stemning blandt ungdom og littebittelitt vaksnare folkkvinner og menn i skjønn forening Me held ballen i lufta òg i vinterferieveka: så møt opp alle som vil: alle ferierande vinterferiefolk td er òg hjarteleg velkomne!!  Altså: Gymsalen Jøsneset onsdag kl 20.00

Årsmøte i Bygdarådet

Jøsneset bygdaråd har årsmøte onsdag 20. februar klokka 19:00 i Trivselsstova. Det blir vanlige årsmøtesaker og enkel servering. Velkommen!

Kurs for livet

Torsdag i sist veke var Åsmund Tuntland frå Hjelmeland Røde Kors Ambulansetenesta på Jøsneset for å lære oss om hjarte-og lungeredning,  og om korleis bygda sin nyinnkjøpte hjartestartar virkar. Eit kurs om og for LIVET altså. Skulle du kome ut for ein situasjon der du finn ein person medvitlaus og ikkje-pustande, er det viktigaste å …