Månad: januar 2013

NB -Demonstrasjon av hjartestartar

Torsdag 31.jan kl 19.30 Trivselstova. Åsmund Tuntland i Røde Kors kjem for å demonstrere hjartestartaren som er investert inn til bygda. Arr. Helselaget

Handlingsplan for Jøsneset helselag

Handlingsplanen til helselaget finn du her.

Skikarusell på Gullingen

Måndag 28.januar blei første renn i den årvisse skikarusellen på Gullingen avvikla i lett snøvær.198 små og litt større løperar stilde til start, deriblandt nokre frå JøsnesetResulatlister og info om renna framover finn du på nettsidene til SULDAL IDRETTSLAG.Neste renn blir tysdag 05.02.13.  

Damekveld (også for menn) 31.01.13

Helselaget melder at det skal handle om hjertestartar denne gongen. Røde kors kjem. Husk damekveld (hører rykte om at denne også åpnes for menn for denne gongen) på torsdag 31.01.13 kl. 20.00 på Trivselståvå. Sjå lapp på tavlene! Arr. Helselaget

Kultur i alle postkassar

I postkassen din finn du nå VÅRENS KULTURPROGRAM 2013 – ein fin liten foldar med oversikt over komande kulturarrangement utover våren…..derav òg eit par arrangement her på Jøsneset. Ta godt vare på foldaren, for den blei brakt ut til fots til alle kassar på Jøsneset  i den iskalde vinterkvelden. Men du finn den jo sjølvsagt …

Saueberging frå sjøen

Sist veke kunne me lese i Aftenbladet om ei flott saueberging i Vormedalsheia. Men denne helga fekk enda to sauer berga livet   –  nå frå sjøvegen, med båt som framkomstmiddel. Det var Rasin og Lise Tjeltveit som var «bergingsmannskap» til sauene frå Hagalid som stod fast på ei lita «to» ved Bårebergneset i Jøsenfjorden, saman med saueigarane sjølve: Hanne og …

Stivfrosen Foss-foss

Foss-fossen er flott nå når den står pinnhard og stivfrosen som ein 20-30 m høg skulptur. Ja, heile ånå frå topp til botn er ein einaste kjempestor isklump Isen «badar» i den låge ettermiddagssola.   Meter på meter med stivfrose vatn.   Slik ser den ut når vatnet får kasta seg utfor i «fritt fall». Flott utsikt er det …

Kald og flott dag på isen

  Søndag 20.januar blei ein flott skeisedag på Fosstemmen. Ca 30 stk, store og små, møtte opp til skeising, bålbrenning, pølsesteiking og kaffekos.  Det var isande kald nordavind, så det beste var å halde seg i aktivitet på isen – eller kose seg med bålvarmen inne i «Kalvagaren».  Isen var speilblank og fin, tjukk og trygg –  sjeldan gode …

Skikarusellen utsett

Kaldt og flott vær til tross, det hjelper lite for skiløp, når det ikkje er snø i løypa:Den populære SKIKARUSELLEN på Gullingen er difor utsett, følg med HER.

Solrike januardagar

Nå på vinterstid lever bygda opp til namnet «Solbygda» – og siste veka har me hatt solrike, kalde, stille dagar – perfekte vinterdagar!! Sola dukkar nå opp før kl 10.00 mange stader i bygda, slik som her idag 19 jan frå Skiftun. Dagane er blitt lengre, og sola skin til over 16.  Her solnedgangen frå same …

Skeisedag Fosstemmen

Søndag blir det felles skeisedag på Fosstemmen kl 13.00.  Ta med skeiser, mat, drikke, gode klær, sitteunderlag – og NB ta med litt VED kvar, så kan me tenne eit felles bål. Håpar me får ein like fin dag som den me hadde 8.januar2006. Det har vore ei kald fin veke og isen er fin. Det er …

Barnetrim vår 2013

Barnetrim startar 16.januar og lappen finn du her. Helselaget

Årsmøte Hjelmeland Turlag

Kom på årsmøtet i Hjelmeland Turlag og møt den friske, trivslige Mari Wedum: kjend frå 71gr Nord, TV Vest og ivrig friluftsmenneske.Turlaget presenterer òg spanande 2013 program og serverer varm suppe frå Roy Munthe. Ordinære årsmøtesaker blir det sjølvsagt òg.Spinneriet Hjelmeland TORSDAG 24.januar 2013 kl 19.30. Les meir HER.

Ope møte om rus

Det var eit spanande og engasjerande ope møte om rus på samfunnshuset den 10.01.13. Mange foreldre og andre møtte. Det var ambulansesjåfør og medlem i norsk folkehjelp Frode Vadla Risa som klarte å engasjera publikum, med stor innleving Med seg hadde han den nye lensmannen i Hjelmeland Geir Fatland. Det var det rusførebygjande forumet i …

NAUSTE stengt lørdag

  Cesilie melder at MIXn NAUSTE på Nesvik har stengt lørdag 12.01.12 pga varetelling.

Eldretreff vår 2013

Eldretreffen startar opp 10 januar og held fram anna kvar torsdag til og med 21.mars. Kontakt Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering.   Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

Helsebading startar opp

Helsebading i oppvarma basseng, frå måndag 7.januar og kvar måndag ut gjennom våren. Helsebading fortsetter tre mandager i april 2013 og siste gong blir 22. april Småbarn (under skulealder) med foreldre: kl. 17.30-18.30 Vaksne kl. 18.30-19.30 Pris: kr 30 for vaksne og kr 20,- for born. Arr: Helselaga i kommunen saman med sanitetsforeningar.

Turpost-bøkene er bytta

Her ser de tala for besøk på turpostane våre i 2012. (Tala frå i fjor står i parantes). Etterkvart som bøkene vert bytta vil tala oppdaterast her. (foto: Jorunn Foss, tatt frå Nesdalsfjell) Hyttefolket i Knutsvik (Sigurd Opedal) kan melda om godt besøk på Høgafjell i 2012: 190 stk (151 i fjor).   Nesdalsfjell: 673 …

VOLLEYBALLTRENING 2013

Volleyballtreninga startar opp att onsdag 02.januar kl 20.00GYMSALEN JØSNESET. Nye og «gamle» spelarar er hjarteleg velkomne !!