Dag: 20. desember 2012

Gamle brannbilar

Joda, brannbilen vår på Jøsneset frå 1970 (til høgre) er med å dra snittalderen på norske brannbilar i feil retning. Men visste du at me i Hjelmeland har den eldste i Norge, den vesle raude til venstre frå 1954, les meir HER !! Rett nok er den ikkje i ordinær beredskap, men den sviv og blir stadig brukt i 17-mai …

Nå er den her igjen: JULETREFESTEN!!

Etter ein liten festpause, er den atter her igjen: JULETREFESTEN !Laurdag 29. desember kl 16.00, Jøsneset Skule, kr 20,-Marta Eiane talar. Nissen kjem, Me svingar oss rundt treet, enkel servering, quis og leiker.Sjå PLAKATEN og øv på julesangane

Ny tømmedag etter nyttår

RYMI melder at det blir ny tømmedag for søppel etter nyttår. Frå og med 1. januar 2013 er Jøsneset på rute 6, og tømmedagen vil bli MANDAGAR i PARTALLSVEKER.NB: tømmedagen kan endrast ved fri-og heilagdagar. Sjå tømmekalender 2013.