Månad: desember 2012

Vær-kavalkade 2012

Året 2012 ebbar ut: ei jule-og nyttårshelg med både storm, regn, sol og snø. Her frå Fosstemmen 30.desember12. Vatnet flaumar medan snøfillene dalar store som lammeøyrer. Ja, dette er òg  «Solbygda» !! Følg året 2012 i storm og stille nedanfor: Januar starta med ein god del nedbør, derav ein del snø –  og ein del lågt skydekke.  Temperaturen gjennom …

Koseleg » gjensyn» med juletrefesten

 Etter nokre år med litt varierande interesse for tradisjonell juletrefest, var det i år igjen duka til juletrefest i gymsalen. Og dette blei eit koseleg «gjensyn» med juletrefesten slik mange hugsar den. Alt var på plass: folka, julesongen, stemninga, julenissen, ord for kvelden, gang rundt juletreet, Prøysenvise, leiker og Quis – og ikkje minst: glade barn, …

Varetelling på MIXn

1,2,3,4,5…..117,118,…..221,222…..den planlagde varetellinga på MIXn torsdag BLEI UTSETT. Cesile gir beskjed når det blir telling/stenging. Åpningstider: Nyttårsaften 11-16.  1.nyttårsdag 13-17. Ellers alle dager 11-19

Spanande julevolley-turnering

 Onsdagen før jul blei det arrangert julevolleyball-turnering på Jøsneset. Veldig bra frammøte, så heile 4 lag stilde til kamp !! Det blei ei spanande turnering, med nokså jamnt spel, men Smashing Rudolf drog seieren i land til slutt !! Gratla !! Lagnamna var prega av julestemning. Høyr berre :1. Smashing Rudolfs: Elsa, Sven, Jonas, Brandon og Inge Børge2. …

Gamle brannbilar

Joda, brannbilen vår på Jøsneset frå 1970 (til høgre) er med å dra snittalderen på norske brannbilar i feil retning. Men visste du at me i Hjelmeland har den eldste i Norge, den vesle raude til venstre frå 1954, les meir HER !! Rett nok er den ikkje i ordinær beredskap, men den sviv og blir stadig brukt i 17-mai …

Nå er den her igjen: JULETREFESTEN!!

Etter ein liten festpause, er den atter her igjen: JULETREFESTEN !Laurdag 29. desember kl 16.00, Jøsneset Skule, kr 20,-Marta Eiane talar. Nissen kjem, Me svingar oss rundt treet, enkel servering, quis og leiker.Sjå PLAKATEN og øv på julesangane

Ny tømmedag etter nyttår

RYMI melder at det blir ny tømmedag for søppel etter nyttår. Frå og med 1. januar 2013 er Jøsneset på rute 6, og tømmedagen vil bli MANDAGAR i PARTALLSVEKER.NB: tømmedagen kan endrast ved fri-og heilagdagar. Sjå tømmekalender 2013.

Josè og Malena i musikals samspel

Les om Josè Altamirano t.h og dottera Malena t.v  i papirutgåva av Strandbuen fred 14.12. Saman med ei ung somalisk kvinne frå Suldal, framførte dei argentinsk, italiensk og somalisk musikk og song i same konsert i Årdal.

Julevolleyball-turnering

Siste onsdagstrening før jul blir ONSDAG 19.desember kl 19.00 (NB) – 22.00 – me satsar då på så bra frammøte at me kan lage til ei lita turnering !!! Det blir òg litt knask og drikke – som ein kan kose seg med innimellom slaga ! Møt opp – still  lag – gi alt !! …

Josneset.no er 5års-jubilant !!

Nei, me har ikkje starta nyttårsfeiringa enda. I dag går rakettane til værs for å feire oss sjølve Nettsida www.josneset.no rundar nå 5 år –  Hurra for oss som fyller vårt år – ja, oss vil vi gratulere !!  Denne lokale bygdenettsida vår blei lansert 12 desember 2007. Nettsida blei altså ei lita julegåve frå …

Populær volleyballtrening

Volleyballtreningane rullar og går kvar onsdag kveld kl 20.00. Og frammøtet i haust har vore kjempegodt…MEIR enn fulle lag kvar gong!! Over tre lag stilde på førre trening ! Bravo !!  Her møter ungdom og vaksne, kvinner og menn, jøsnes»kalvar» og fjordabuar,  om ein annan – veldig sosialt og kjekt. Dette lovar godt for sommarens …

Me tenner juletreet

Søndag 8. desember blir det igjen tenning av juletreet ved brannstasjonen     Me startar med fakkeltog frå Skiftun-kaien klokka 17; faklane kostar kr 50,-. Deretter blir det song rundt juletreet, gløgg, pepparkaker og sal av pølser. Store og små er hjarteleg velkomne! Bygdarådet