Ein kalender er ei super lita julegåve. Hjelmeland Turlag sel nå Strand Fotoklubb sin populære Ryfylkekalender. Dette er ein årskalender med kun flotte Ryfylkemotiv. Du finn fleire bilde frå Hjelmeland tatt av ivrige, lokale hobbyfotografar. Sjå bildene månad for månad på Strand Fotoklubb. Kjøper du kalenderen via oss i Turlaget, får me ein liten provisjon …
Lørdag 24.11 kl 11.00 opnar julemessa i Spinneriet, Hjelmeland. Det blir ekte god julestemning, og sal av masse lokalproduserte julegåver: lappetepper, keramikk, barneklær, spekemat, knivar, aloe vera produkt og masse meir. Det blir òg sal av thaimat og kaffe, vafler og kaker. Pinnebrød i bålpanne og hestriding utenfor. Ansiktsmaling for barn. Overskot av alt sal …
Det har blitt litt endring i planane for damekvelden i november. No blir det same tema som har vore tidlegare novembermånadar: gløgg, mandariner og sosialt drøs. Vel møtt kl 20.00 i Trivselståvå! Helselaget