60-tals-suksess


Å inviterer foreldregenerasjonen og bygdafolket til «60-tals-kveld» blei ein inner-tier. Frå første tone til siste sketsj sat publikum i salen og humra med – gjensynet med 60-talet blei kjært og nært for svært mange i salen. For skulebarna hadde fått med det aller meste; frå det lokale med fjordabåtar og postomdeling på posthuset, til det nasjonale med fjernsyn, Pernille og MrNelson, Pompel og Pilt, Kronprinsbryllup og rundetider med Kuppern og skispenning med Gjermund Eggen ….ja heilt til det internasjonale med Cubakrisen, Kennedymordet og Månelandinga.  Alt sydd saman av små og store elevar ved Jøsneset skule. Ein kjempeflott elevkveld, ispedd mange fine kulturskuleinnslag.

Gymsalen var fylt til randen med folk frå begge bygdane, for å sjå sine håpefulle falde seg ut på scenen. Det eine opptrinnet etter det andre rulla ut på scenen, og alle elevane bidrog i sketsjar, i songar, i opplesing og musikk.

Her er det småskulen som framfører songar og sketsjar.

 


To staute karar på fremste rad song så det ljoma av full kraftWinkinnleving !


Og her to flinke kulturskulejenter på kvar si fiolin

 


Jentene i storskulen song ein festleg song om livet på Hjelmelandsfjord


Ski VM i Oslo 1966 gjekk ikkje forbi i stillhet …..me gjenopplevde den store spenninga frå gulløpet til Gjermund Eggen nok ein gong……sjølv om det tok si tid før fjernsynsreporteren klarte å lure han fram frå granskogen og inn på fjernsynsskjermen…..det var god tid til å koke kaffe og finne fram lefseneSmile

Plutseleg glimta to astronautar fram på «skjermen» – og den store månelandinga var eit faktum.


Storskuleelvane avslutta med to flotte sangnummer, gitar-trio…..og til aller siste slutt: ein feiande flott trommefanfare !!


Ingen fest utan godmat……alle familiane hadde tatt med kvar sitt fat med mat. Og dette smakte godt for alle fat blei tømt – smitt og smule.
Takk til lærarar og elevar ved Jøsneset skule for nok ein flott bygdakveld….og takk til Kulturskulen for mange gode musikalske bidrag.

Me konstaterer nok ein gong at talenta spirer og gror både på Jøsneset og i Jøsenfjorden……..me ser for oss mange gode påskerevyar av denne gjengen i framtida både eine og andre enden av fjorden !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.