Masse mediaoppslag i dag om det nye handlesenteret på Tasta i Stavanger, og senterleiaren er ei utflytta Jøsnes-dame, Britt Iren Osmundsen – tidlegare Hjorteland, oppvaksen på garden innerst i Fossdalen. Det nye senteret trakk mykje folk i dag, og det blei nesten kaos i trafikken utover mot Tasta. Les meir om Britt Iren sin åpningsdag i Aftenbladet, NRK-Rogaland, Rogaland Avis, og ho var òg å sjå på NRK LokalenTV. Me gratulerer BrittIrene med åpninga og ønkjer lykke til med koordineringa av Tasta Senter med 45 butikkar, fleire spiseplassar, helsestasjon og treningssenter.
Gøy å høyre korleis det går med våre utflytta Jøsnesbuar…har du eit tips, så send inn.
Fotograf: Erik Holsvik, Rogaland Avis
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.