Månad: oktober 2012

Flotte hausthimlar

I «serien» FLOTTE HAUSTHIMLAR har me fått inn tre nydlege bidrag frå Solveig Bog Bouzane. Bildene er tatt «himante» altså Lønnehaugen/Vigå nå i oktober. Me konstaterer nok ein gong : for ein flott plass me bur på !!     Sende gjerne inn «din» hausthimmel eller foto av andre ting og stader frå bygda,  ungdomslaget@josneset.no …

Loppemarknad og basar i Jøsenfjorden

Frå vår nabobygd i aust: Jøsenfjorden har me fått følgjande invitasjon:

Utanomjordisk kunst

I småskulen driv de med noko så finurlig som «utanomjordisk kunst». Klikk bildene så får du sjå meir om kva slags flott kunst de driv på med på Jøsneset skule for tida. Fantastisk fantasi !!

Senterleiar frå Foss

Masse mediaoppslag i dag om det nye handlesenteret på Tasta i Stavanger, og senterleiaren er ei utflytta Jøsnes-dame, Britt Iren Osmundsen – tidlegare Hjorteland, oppvaksen på garden innerst i Fossdalen. Det nye senteret trakk mykje folk i dag, og det blei nesten kaos i trafikken utover mot Tasta. Les meir om Britt Iren sin åpningsdag …

Helselaget på FolkehelseKICKOFF

Søndag 21 oktober var ein heidundrane stor dag for folkehelsa og frivilligheita i Hjelmeland. Alle lag og foreningar i Hjelmeland var invitert til ei felles markering i idrettshallen for å fokusere på det flotte folkehelsearbeidet som skjer i frivilligheitas namn. Jøsneset Helselag stilde kvinnesterkt opp med denne fjåge gjengen:  fv Paula, Svanhild og Berit. Helselaget …

Damekveld 25 oktober

Det blir damekveld siste torsdag i oktober, 25.10.12 kl. 20.00. Vel møtt adle Jøsnes-damer te koseleg treff i Trivselståvå!! Paula har med ein liten eplerett – som seg «hør og bør» etter årets frukthaust Tidlegare sto det at det var tema «thanksgiving» denne kvelden, men det var ein feil, for Thanksgiving er ikkje før i …

Flott fredagkveldshimmel

Når kveldshimmelen kjeme på at den skal stille opp med slikt eit flott skue, fortjene den eit framsidebilde. Skydekket inn frå Stavanger, kombinert med lyset frå vest og ei gødande, haustfarga bygd, gjorde denne lille halvtimen i seks-tida fredag kveld nesten litt magisk. Frå Håvehammar er det panoramautsikt for slike flotte haustkveldar. Mobiltelefon-foto kan desverre …

Ta vel imot bøssebærarane!

Søndag 21 okt mellom 16 og 18.00 vil du få besøk av bøssebærarane til TV-Aksjonen for Amnesty International. Her på Jøsneset er det folk frå bygdarådet som går rundt med bøssene. Les meir om aksjonen HER

Populær skulekafè

Onsdag 17 okt slapp alle folk på Jøsneset og Jøsenfjorden å lage middag, for denne dagen hadde nemleg elevar og lærarar på skulen laga til middag for bygdefolket, og inviterte alle inn på kafè ! Og kafèstemning blei det, med småbord rund i heile gymsalen, og unge, flinke kelnarar farta rundt og tok mot bestilling, …

Romaniagåvene kom fram!!

Du har kanskje lurt på korleis det gjekk med alle sekkane som blei levert inn til Romania-innsamlinga i haust. Kom bidraga fram ? JA !! Er svaret.  Inger Apeland i Suldal er jo primus motor for dette prosjektet, og har skrive eit innlegg i Suldalposten der ho fortel om korleis alle gåvene blei fordelt ut …

TV-Vest i Ritlandskrateret

For 500millionar år sidan dundra ein meteoritt ned over Vormedalen, og skapte det heilt unike Ritlandskrateret. TV-Vest har nå vore på tur i området i lag med Fridjof Riis, som etter mange års forskning kunne bevise dette flotte fenomenet.  «Midt i Hjelmeland kommune, væt du….sko kje tru det !!» som reporteren Mari Wedum i TV-Vest …

Folkehelse KICK-OFF

Denne dagen blir ei STOR dag for frivilligheita i  Hjelmeland – for her får du møte eit vell av frivillige lag og organisasjonar frå heile Hjelmeland. Alle frivillige lag gjer ein formidabel jobb for FOLKEHELSA, på mange ulike vis,  og det er dette det skal fokuserast på denne dagen. Difor blir ALLE invitert til FOLKEHELSE-KICKOFF …

Tid for Buhagen-produkt

Villsaukjøt, kalvekjøt og eplesaft !!  Nå er det klar for salg av ferske Buhagen-produkt.Prislista og bestillingsinformasjon finn du HER

Få sedlane ut av madrassa!

Kanskje du madrassa full av 1000-lappar, eller har du sparegrisen full av andre sedlar? Nå er det på tide å rydde opp og få de ut derfra!!Ein god del seddeltypar går nemlig «ut på dato» – og dei må leverast inn til Norges Bank innan 1 november !! Så spring å leit opp spare-sedlane dine …

Kafè med middag !

  Onsdag 17 oktober kan alle sleppa å lage middag, for då vil Jøsneset Skule lage middag for oss !!  Rektor Rasin har sendt ut innbyding til alle som vil: Kom på KAFÈ PÅ JØSNESET SKULE 17 okt kl 16.00 !!! Det blir servert nydeleg suppe, med kaffe og kake etterpå – og jammen får …

Salgsmesse for dei kreative !!

I år som i fjor blir det arrangert julemesse i Spinneriet . Arrangøren Hilke Aschberg frå Årdal er nå på ivrig jakt etter den nevenyttige, den kreative, den skapande handtverkaren !! Så er du glad i lage ting, det vere seg strikketing, trearbeid, bilder, smykker, kort, hekledukar…..ja, eigentleg kva som helst av kunst-og handtverk, så …