Månad: september 2012

23.09.12 Resultat frå årets demensaksjon

Nasjonalforeningen Jøsneset helselag melder at resultatet av årets bøsseaksjon for Jøsneset sin del, etter opptelling vart: kr 4574,-. Det passerte såvidt fjordårets beløp som var på kr 4485,-.

Minni får tvillingar igjen

Ei gladmelding frå fjoset på Bøen: Minni har fått tvillingar andre år på radog det står bra til med «mor og barn» . Her kosar Bambi og Feline seg i garden saman med mor Minni.   «Minni er ei god ku» i følgje bonden sjølv, Silje Sværen. Minni er ei ekte Jøsnes-ku; født på garden …

Helsebading haust 2012

Oppstart helsebading mandag 15.oktober, kvar mandag fram til og med 03.desember. Oppvarma basseng. Vi er kjempeheldige som har denne muligheten i kommunen vår! Kl 17:30-18:30 Småbarn m/foreldre (OBS Hjelmeland helselag har eiga badegruppe tysdagar for 1-4.klasse) kl 18:30-19:30 Vaksne Kr 30 for vaksne og kr 20 for barn. Vel møtt

Eldretreff haust 2012

Eldretreffen har oppstart torsdag 20.09.12, kontaktperson Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Anna kvar torsdag vidare. Alle er velkomne!   Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

Barnetrim hausten 2012

Nasjonalforeningen Jøsneset helselag meldar at barnetrimmen vil starte opp etter haustferien. Nærare skriv om datoar og ansvarlege, vil komme etterkvart som det nærmar seg.

27.09.12 Damekveld

DAMEKVELD «PREMIERE» HAUSTEN 2012     Få med deg første damekveld som blir siste torsdag i september, den 27.09.12 kl. 20.00 i Trivselståvå. Det blir quiz denne kvelden så her kan ein få setja hjernecellene i sving i tillegg til å få seg ein kopp kaffi og drøsa litt   Alle er velkomne!   Neste …

20.09.12 Ta vel i mot: Årets demensaksjon

      Nasjonalforeningen Jøsneset helselag skal samle inn pengar til demensaksjonen torsdag 20.09.12. Ta vel i mot dei når dei kjem på døra, hugs det er ein viktig sak det gjeld! Du kan lese meir om demens her. Blant anna kva demens er og 10 tidlige tegn på demens.

Ein haustdag

Regnet har hølja ned over oss denne andre veka i september. Bygene har vore tunge, bygene stått i kø og langtidvarselet fortel om regn, regn, regn. Men INNIMELLOM sprekker skydekket opp, iallefall i små øyeblikk, og me kan få ettermiddagshimlar som denne. Det gjeld om å nyte dei små glimta av godvær   Grønt og …

Stor giverglede til Romania

Leif Trevland måtte til med tau og stropper for å feste det det fullstappa lasset med sekker og øskjer som blei gitt til innsamlingsaksjonen til Romania.Det var mange som var innom brannstasjonen med klær, leiker og utstyr – og eitt døgn seinare vil varme jakkar og gode bukser frå Ryfylke vere på veg til barneheimane …

Gjensynstreff Jøsneset Framhaldskule 1952

Jøsneset Framhaldskule frå 1952 hadde nå i august 2012 gjenforeningstreff på Krambulemmen. Det blir meldt om stor gjensynsglede – og mange gode historier frå den felles skuletida blei delt denne dagen og det var god stemning og mykje song. Les meir om denne feiande flotte gjengen, og sjå om du kjenner dei igjen frå 1952 …