Triveleg jonsokfeiring i Skiftustranda

Værmeldingane trua med både vind, regn og tordenvær, men folk stilde likevel «mannsterkt» opp – og faktisk var me nok heldigare enn dei fleste: for det blei både opphaldsvær, grei temperatur og verken lyn eller tordenWink. Det var veldig bra frammøte, masse barn, vaksne og eldre –  og ekstra kjekt at det var så mange feriegjester/hyttefolk som møtte opp.

 

 


Bålet flamma godt i brisen.

 

Krabbefangstkonkurransen engasjerte barna, og dei fleste steinane i Skiftustranda blei nok snudd denne kvelden i jakta på den største og den minste krabben.

 


Her blir krabbane målt etter alle kunstens reglar…ikkje enkelt med dei minste iallefall, og krabbar har heller ikkje alltid lyst å stå i ro når dei ble målt.
Bøtte etter bøtte med krabbar blei levert inn til «sekretariatet». Til slutt viste det seg at den minste var kun 2 millimeter og den største 6 cm. Då vanka det premiar til Stian og Casper, som stod bak fangsten av dei to.


Jakta på det rare i fjøra fortssatte etter at krabbekonkurransen var over, og nå var det flyndrene i sandbotnen som fanga interessa.

Ein FLOTT og triveleg kveld – trass i at midtsommarsola uteblei !

Alle foto: Svanhild H Gbada


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.