Fellestur til Håvehammar 25.07.12 kl 18.00

Som de sikkert har sett, så har vi fått flotte nye benker på turmåla våre. Desse er eit resultat av bulystprosjektet så langt (søk på nettstaden dersom du vil lese meir om bulystprosjektet). Dette har me lyst til å markere, det fins alltid ein grunn til å feire må viteLaughing

Derfor inviterer vi alle som vil være med, på ein fellestur til Håvehammar onsdag 25.juli.

Dette biletet er frå første prøvesitting, når benken blei satt ut. Det er ikkje sikkert den står på akkurat same staden enda, det ryktes nemleg at det var noko fram og tilbake om kor den skulle stå..og det høyres ikkje ut som dei er blitt heilt enige endaWink

 

 

Vi går frå Åsland kl. 18. Det er fritt fram for dei som vil gå ein brattare tur å gå frå t.d Foss, men sjølve fellesturen startar på Åsland. Då er det nokså beine vegen (altså ingen stigning) sjølv om vi fylgjer ein sti som går i terrenget, så turen burde kunne vere for dei fleste, også dei minste.

Vel framme vil de få høve til å sjå og prøva den nye benken, og det blir servert kake og kaffi.

Det blir nok litt værforbehold, ikkje så kjekt å ete kake i pøsregn..Wink, så då kan de fylgje med her på nettstaden om det blir endringar på datoen.

Vel møtt! Helsing arbeidsgruppa i bulystprosjektet.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.