Månad: juni 2012

Eldreklubben på flott tur til Suldal

I eit strålande flott sommarvær tok eldreklubben på Jøsneset den 27 juni ein dagstur til Suldal, der dei besøkte to spanande plasser på kva si side av Suldalsvatnet: Lali og Sukka gard. LALI er ein flott liten stad som ligg på nordsida av Suldalsvatnet. Her tok Karl Lali imot; han er er ein pensjonert rektor …

Hald miljøstasjonen fin!

I vinter fekk me ein veldig fin miljøstasjon v/ RV13 på Nesvik. Det er til alle si glede og interesse at denne blir halden velhaldt, fin og ryddig. Det skal IKKJE setjast ting utanfor containarane! Her er bilder som RYMI har sendt oss av malingsspann og bilbatterier – som står utanfor containarane. RYMI minner oss …

Jøsneslag til Hjelmelandsmeisterskap?

Neste helg er det Hjelmelandsmeisterskap i fotball, les meir hjå  HJELMELAND IDRETTSLAG. Her oppmodast bygdene i kommunen til å stille lag .Det ryktes at karane på Jøsneset  er i ferd med å mobilisere eit herrelag, og til det treng de 11 mann!! Men kva med kvinnene?? Der trengs det berre 7.Me håpar her at «ung-kvigene» …

Triveleg jonsokfeiring i Skiftustranda

Værmeldingane trua med både vind, regn og tordenvær, men folk stilde likevel «mannsterkt» opp – og faktisk var me nok heldigare enn dei fleste: for det blei både opphaldsvær, grei temperatur og verken lyn eller torden. Det var veldig bra frammøte, masse barn, vaksne og eldre –  og ekstra kjekt at det var så mange …

Koseleg skuleavslutning

Tradisjonen tru inviterte Jøsneset Skule – saman med kulturskulen – inn til sommaravslutning i gymsalen på Jøsneset. Elevar i kulturskulen framførte mykje flott musikk både på piano, fiolin, gitar, song, fløyte og ikkje minst slagverk. Igjen får me stadfesta at talenta gror på Jøsneset: mange flinke musikalske elevar som ser ut til å stortrivast på …

Fellestur til Håvehammar 25.07.12 kl 18.00

Som de sikkert har sett, så har vi fått flotte nye benker på turmåla våre. Desse er eit resultat av bulystprosjektet så langt (søk på nettstaden dersom du vil lese meir om bulystprosjektet). Dette har me lyst til å markere, det fins alltid ein grunn til å feire må vite Derfor inviterer vi alle som …

Jøsnesgutar med på verdenssensasjon

Elevane på Rygjabø VS har mediatekke, for nå er de jammen på lufta igjen! Sist veke var dei på fasjonabelt møte med Kofi Annan. Denne veka presenterer dei ein verdenssensasjon !!  Gjennom eit elevprosjekt har dei klart å befrukte ei breiflabb-ho ; noko som er forsknings-og næringsmessig VELDIG spanande. Og Jøsnesgutane Jonas og Sondre er …

St. Hans – feiring

Det blir som vanleg St. Hans- feiring laurdag 23. juni klokka 18.30 i Skiftustranda. Det blir bål, grilling, leiker for store og små og bading for dei tøffaste. Ta med grillmat, campingstol og godt vêr – eventuelt varme klede!  

På treff med Kofi Annan

Jøsnesguten Sondre Fosså (17) var ein av svært få sikkerheitsklarerte personar som fekk møte og prate med Kofi Annan når han var innom Stavanger på Aqua Vision-konferansen i dag, 12 juni.  «Det var ein grei kar» i følge Sondre.  Sondre blei intervjua av NRK om treffet. Klikk på bildet så får du høyre Sondre fortelje …

Knepen 1.plass til Jøsnes-gut

Sist søndag var det sekundstrid for Jøsnesbu i sykkelrittet, og då enda det med knepen 2.plass. Denne søndagen var det nok ein Jøsnesbu som var i sekundstrid, og denne gongen enda det med seier. Jasin Hjorteland Gbada, 13 år sprang inn til seier i juniorklassen (12-17) i Viglesdal-løpet med tida 1.27.10 – berre eit sekund …

Hackerangrep

Tirsdag 5 juni blei nettsida angripen av hackerar eit par gonger, og difor blei me «sett ut av spel». Nettsida framstod i mindre periodar desverre som noko heilt anna enn den gode gamle sida vår. Og difor har me ikkje kunne legge ut stoff dei siste par dagane.  Det var 150-200 andre nettstader i Norge …

Knepen 2.plass til Jøsneset Sykkelklubb

2 knepne, minimale, bittesmå sekund bak vinnaren i Marine Harvest Rittet trødde Ingeborg Westersjø, JØSNESET SYKKELKLUBB, inn til ein flott  2.plass i Marine Harvest Rittet på Hjelmeland  i dag søndag. Dette står å lese i STRANDBUEN. Gratla.  Ryktet fortel elles at det var eit par Jøsnes-karar òg med i rittet (?), men dei står det ingenting …

Balletid

Plutselig kom sommaren over oss…og vips plutselig var graset slått og ballane i «boks» eller rettare sagt i ball….her frå Nesvik.    Ballinga er jo eit kjærkome sommartegn !! Det er sommar, folkens !! Og tida er inne for dei lange lyse kveldane, og dei flotte «himlane»…her over Knutsvik lørdagkveld ….og her over Ombofjorden frå Herefjell …

Fellestur til Ramsfjell

Fritidsklubben i Jøsenfjorden inviterar til fellestur til Ramsfjell sønd 3 juni. Oppmøte kl 11 nede ved Fylkesvegen (like utanfor Sildafjordtunellen). Ramsfjell er altså 3 fråflytta fjellgardar høgt ovanfor Jøsenfjorden.  Det er bratt og spanande sti opp, og ein skikkeleg artig tur med flott utsikt frå gardane.Fotoet ovanfor er frå den innerste garden