Månad: mai 2012

Bli med på ryddedag

Me samlast til tradisjonell ryddedag tysdag 15. mai klokka 17.30! Møt opp i skulegarden, så deler me oss i lag og ryddar langs vegen. Etterpå blir det pølser, saft og kaffi til alle. Bli med og gjer bygda ryddig og fin til 17. mai! Bygarådet

God plassering på Strandamila

Jøsnes-karen Jarle Tednes sprang i år inn til ein finfin 6.plass på årets Strandamil mellom Jørpeland og Tau.Etter det me får opplyst sprang han òg inn til ny personleg rekord på 40 min 11 sek !!Me gratulerar med eit bra løp, og her finn du heile RESULTATLISTA.

Nye ferjeruter

NORLED har nå korrigert dei nye rutene, så nå er de rette dei som ligg på nett HER.NORLED melder elles at papir-rutene er sendt til trykking, og er forhåpentlegvis på plass om ei vekes tid, dvs +/- 10.mai.

Feil i nye ferjeruter

NORLED fekk omsider lagt ut dei nye ferjerutene på si nettside…..men….akk….med feil. Sjølv om kommunen gjorde merksam på feilen tidleg på mandag 30.april, har likevel ikkje NORLED korrigert feilen pr 1mai. I ruta står avgangen 19.00 både frå Hjelmeland og Nesvik. Det rette er 19.00 frå Nesvik og 19.15 frå Hjelmeland. Dei nye rutene er …