Kva med ein ørliten oppvarming før Hardhausen? Hjelmeland Turlag inviterer deg med på kveldstur til Saupstøl og Jørmelandsvatnet. Sjå plakaten HER.
Fleire utfordringar 2.pinsedag, dagen etter Hardhausen. Vil du har ein litt rolegare, men likevel aktiv utedag? Då er FinnFramDagen på Bjødnabu på Hjelmeland midt i blinken for deg. Masse aktivitetar for barn og vaksne + sal av grillmat mm. Sjå plakaten HER.
Våre naboar nord i Imsland har sendt oss invitasjon til ei ny utfordring dagen etter Hardhausen. Då går det populære Ølmedalen rundt av stabelen i Imsland. Du treng ikkje vere topptrent som Petter Northug for å delta her; det er òg barne-og trimklassar. Løpet trekk hundrevis av folk kvar år, så dette er gøy ! …