Kunstutstilling på ferja


Jøsneset Barnehage har igjen fått opp ein flott kunstutstilling i salongane på ferja, til glede for alle påskereisande. Nå er det ikkje berre Ropeidferja som er prega av lokal kunst. Det er fleire ulike teknikkar som er brukt; kolstift, kolasje, vannfargar og oljefargar. I kolstiftteikningane er temaet «sjølvportrett», og her ser me ei fantastisk tolking av detSmile. Elles er temaet «vår» . Sjå fleire smakebitar nedanfor, og elles: ta med deg ein venn, ta deg ein ferjetur og ein kopp kaffe….. og nyt utstillinga!!

Det er 9 born i alder opp til 5 år som har laga kunstverk, og kvar av dei har minst 3 bidrag, så her er noko for ein kvar smak!


Ei kreativ og abstrakt tolking av «VÅREN»…..flotte, fresje grønfargar!!

Triveleg med vårkunst på veggane i salongane.


Her kan ein nyte flott utsikt (gjennom doggete ferjevinduer) og flott oljemålingskunst samtidig……dette er nok eit flott påskeegg.

Dette er jammen til å bli i godt humør av !!!

Takk til kunstnarane i Jøsneset Barnehage !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.