Månad: april 2012

Jøsnes-nutane ein månad før innrykk

  Det er ein snau månad igjen til «Jøsnesets vakraste eventyr» nemlig 3NUTSTUREN OG HARDHAUSEN som arrangeres 1.pinsedag. Lurer du på  korleis forholda på nutane er, så får du siste oppdatering her. Siste søndag i april var ein vårdag av ypperste klasse; som skapt for topptur. Her er Gunlanuten (829 m.o.h) med utsikt vestover mot Herefjell. Snøbart på toppen, men …

Årsmøte Ungdomslaget

Årsmøte i Jøsneset Ungdomslag lørd 5.mai kl 17.00Innkalling med saksliste, årsmelding og medlemsgiro er sendt ut i postkassane. Maria Brandal Vikane og Sven Gjil Westersjø står på val. Valnemda har innstilt Dag Rosså og Jon Eiane til nye i styret. Lise Tjeltveit til vara. Joar Rosså,Torstein Rødde og Sigbjørn Nesvik held fram i styret + …

Kulturtilbod vår 2012

Kulturseksjonen har laga nytt vårprogram 2012.Her til venstre ser du eit lite utdrag. Du finn masse meir spanande på programmet  HER

Nypussa Viglesdalen ventar på deg

Sist helg blei det utført eit dualeg dugnadsarbeid på Viglesdalen Turistforeningshytte – alt til glede og nytte for deg som fotturist. Hytta ligg i fantastisk natur, berre to timars gange frå parkeringsplassen på Nes i Årdal. Etter helgas dugnadsinnsats glinsar det i koppar og kar og hytta luktar frisk grønsåpe frå topp til tå. To …

Pulsklubben 6-12 år

Sjå nettsida www.pulsklubben.no for eit nytt tilbud som Nasjonalforeningen for folkehelsen har presentert. Pulsklubben er for barn mellom 6 og 12 år. Her kan du registrere den fysiske aktiviteten du gjer, av forskjellig slag t.d skigåing, sykling, hoppe tau, gå tur m.m. Aktiviteten blir rekna om til pulskilometer, og du kan deretter oppnå bronse, sølv …

Nye bussruter frå 1.mai

Ikkje berre ferjene som fornyar rutene sine: dette gjeld òg bussrutene mellom Hjelmeland og Tau. Nå kan du td ta buss frå Hjelmeland og vere i byen til kl 08 . Sjekk rutene HER.

18.04.12 Ekskursjon til Årdal

Som tidlegare nevnt her på nettsida, så er Jøsneset med på bulystprosjektet til kommunen «24/7».  Jøsneset helselag og Jøsneset bygdaråd er med i arbeidsgruppa «Møteplassar i naturen» i lag med Årdal bygdaråd og idrettslag. Det har lenge vore planlagt ekskursjonar for å besøke kvarandre. Denne onsdagen, 18.04.12, så var det Jøsneset som skulle på ekskursjon …

Nye ferjeruter !!

Kommunen har fått tilsendt nye ferjeruter frå  Statens Vegvesen, og desse skal gjelde frå 1.mai.Det er ein god del endringar, så vær OBS når du skal ut å reise etter 1.mai.Ferjerutene finn du HER

Nærmar seg HARDHAUSEN

Nå er det på tide å pusse støv av turskoa og legge deg i trening til årets styrkeprøve: HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR. Set av  1.pinsedag, søndag 27 mai !!! Dette blir 4.gong «løpet» går, og igjen satsar me på strålande turvær, mange spreke deltakarar og god utsikt over fjordar, fjell og himmel frå dei høgaste toppane …

Ny nisje-næring i bygda

På plakat-tavla på Skiftu-krossen står denne plakaten oppslått: «Hunde pass kr 12,00. Inkluderer hundar som drar mye.Vis du vil at eg skal Gå tur med hunden din ring 51 75 18 14. VOF !!!!!!!!» Kva prisen blir etter vårens tariffoppgjer er sanneleg ikkje godt å seie

Savner du ein ryggsekk?

Ein av påsketuristane må ha hatt det travelt med å kome seg ned frå heia, for ryggsekken blei varande igjen i Fossmarka. Ryggsekken, som er stor, god og grøn, hang i kveld ved turposten på Fosstemmen (nokon kan ha funne den ein annan plass og hengt den der). Kan den vere din? Rett eigar kjenner …

Gullrusj i Skiftudalen

Sagnet seier at det ligg ei gryte med gull i enden av regnbuen. I såfall er skiftubøndene rike, for idag var endane på regnbuen å finne på begge sider av Skiftudalen

Send oss påskebilder

Send oss dine påskebilder; anten det er frå terassestolen, basaren, snøfjellet, fiskefangsten, bjørkeskogen, påskeliljer, nyfødte lam, eller kva det måtte vere. ungdomslaget@josneset.no. 13.04.12: desverre så mottok me ikkje eitt einaste påskebilde

Turtips i nærmiløet

Påsken og våren er turtid. Treng du tips om kor turen skal gå?Prøv Turistforeningens nye tur-«app» UT. Mobilen din tar då utgangspunkt i der du er; og du får turforslag i nærleiken: td. til «Majesteten på Jøsneset» Gunlanuten, eller Bandåsen på Ombo, Skomakarnibbå osv. Vil du ha enda meir lokale turforslag, finn du det her …

Påskeball på Samfunnshuset

Samfunnshus-styret har sendt ut invitasjon til PÅSKEBALL…..

Kunstutstilling på ferja

Jøsneset Barnehage har igjen fått opp ein flott kunstutstilling i salongane på ferja, til glede for alle påskereisande. Nå er det ikkje berre Ropeidferja som er prega av lokal kunst. Det er fleire ulike teknikkar som er brukt; kolstift, kolasje, vannfargar og oljefargar. I kolstiftteikningane er temaet «sjølvportrett», og her ser me ei fantastisk tolking …

01.04 Gratis ferjereiser !!

Norled seier seg leie for komplikasjonane som oppstod for alle ferjereisande palmefredag, då dei kjørte med redusert kapasitet midt i travlaste påskerushet. Dei kompenserar nå med 250 gratisbilettar som «plaster på såret». Først til mølla-prinsippet!!  Gratisbilettane får du HER eller les meir….