I desse dagar er det mykje snakk om samferdselsprosjekter, og mest fokus får nok nye prosjekt sørover mot Stavanger; som ny tunnel langs Tysdalsvatnet og Ryfast som kanskje nå «spissar seg til». Men kommunikasjon nordover mot Haugesund og Bergen er òg viktig for oss. Bru over Sandsfjorden er ferdig prosjektert, arbeidet startar alt neste år …
På Bygdarådet sitt årsmøte 28. februar stilte påtroppande banksjef i Hjelmeland sparebank, Susanna Poulsen, opp med ein sjekk på kr 20 000,- som skal brukast til ny oppvaskmaskin i Trivselsstova. Susanna fortalde at banken ,på grunn av gode resultat, no kunne legga 2 nye millionar i gåvefondet sitt. Tiltak som kjem barn og ungdom til …
På skuddårsdagen 29 februar 2012 hang tåka tett over bygda og fjorden, også på Foss, noko som ga fine stemningar. Kanskje det letnar? Er det Fossbakke-trollet som er ute å spring på lette bein?? Flott er det òg når skyene lettar og himmelen stikk framom (foto tatt tidlegare i februar)Alle foto Svanhild H Gbada
På skuddårsdagen 29 februar 2012 hang tåka tett over bygda og fjorden, også på Foss, noko som ga fine stemningar. Er det Fossbakke-trollet som er ute å spring på lette bein?? Flott er det òg når skyene lettar og himmelen stikk framom (foto tatt tidlegare i februar)Alle foto Svanhild H Gbada
Anleggsarbeidet langsmed kommunal veg ned mot Skiftun kai er sett i gong igjen etter at frostperioden er over. Det vil bli gravd langs heile traseen mellom skulen/Skiftukrossen og ned til Skiftun kai. Vegen vil bli stengd i kortare periodar !! Det er kommunalt vatn som skal førast fram + at det blir gravd ned straumkabel. …
Hjelmeland Turlag er klar med TURPROGRAMMET FOR 2012. Hjelmeland Turlag er lokallag under Stavanger Turistforening, som i år har 125-årsjubileum. NB: Tidlegare har Hjelmeland Turlag sendt ut Turprogrammet i postkassane til alle husstandane i kommunen. Pga store kostnader med dette prøver ein dette året å spre budskapet via andre kanalar; som nett og meir annonsering …
Norled melder at MF Høgsfjord vil gå i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Ombo i ca 14 dagar, dvs fram til ca 12 mars.Passaserjar som vil kontakte ferja i den peridoen bes ringe 915 53 643