Sist helg, lørdag 24.03.12, ble det prøvd å svi på Herefjellet. Men resultatet var ikkje heilt vellukka..
Teoriane var mange undervegs, nokon meinte det var for seint på året, andre meinte det var for tidleg, medan nokon meinte det hadde regna for mykje og tørka for lite opp først. Iallefall ville det ikkje ta fyr skikkeleg. Dersom du har ein teori på kvifor me ikkje fekk fyr, så send den inn til helselaget@josneset.no
Været var det flottaste denne dagen, solskinn og littegranne trekk, kanskje litt for lite til å vere optimalt for sviing?
Faklane me brukte til å setje fyr med.
Deler av mannskapet..
Litt fekk me det til å ryke.. Vi konsentrerte oss om den sida som er mot Erfjorden, då den ikkje vart svidd av sist.
Det tok ikkje av kan du trygt seie denne gongen. Veldigt kontrollerte former, men me skulle ønske det hadde vore litt meir fart i det heile. Men me fekk ein flott dag på Herefjellet likevel
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.