Send oss din vårstemning

Krokusane står i full blomst, tjelden er tilbake i fjæra, flaggermusene er ute av dvalen og lemminga så smått i gong. Mykje flott skjer om våren og laurdag 24 mars 2012  går inn i historia som ein særs etterlengta solskinnsdag der våren «spratt fram» etter den våte, kalde vinteren.  Send oss DIN VÅRSTEMNING i form av foto eller tekst til ungdomslaget@josneset.no.
(ps men skund deg, for det ryktes om snøklessa til vekaYell)


Søndag 25.mars blei òg ein solskinnsdag…..iallefall i høgda (og utpå dagen letta skodda òg i låglandet). Her ligg skodda tett over Ombofjord-bassenget og ut over Fisterfjorden…..såvidt me skimtar Randåsen. Valafjell i forkant. For den som vil på ski til Gunlanuten: få opp farten, for nå tinar snøen time for timeWink


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.