Sjølv om me berre er i februar og gradestokken viser sure minus og me har slaps og snø, så er fruktdyrkarane i bygda i full sving med årets fruktsesong. For fruktdyrking handlar ikkje berre om innhausting av flotte saftige epler og pærer på hausten. Nå skjer ein av dei viktigaste og mest arbeidskrevjande prosessane i fruktdyrking; skjæring og klipping av trea. Her er Anne Tjeltveit i sving i sin frukthage ein fin dag i vintersola.
Dagens fruktre er ikkje slik dei ein gong var; då toppane kunne nås kun av dei modigaste i lange, vinglete stigar. Nå plantast frukttrea tett i tett, og blir nesten som hekkar, og dei formast slik at toppane kan nås nesten frå bakken, eller ved hjelp av korte «gardintrapper».
Det er denne forminga fruktdyrkerane nå driv på med. Toppar og lange greinskudd blir skorne tilbake slik at trea held seg låge. Denne skjæringa stimulerar òg til fruktknoppsetting, som igjen vil føre til masse frukt.
Her er Olga og Jostein Hjorteland i sving på pære-og eplefeltet på Øvrebøen nedanfor bedehuset.
Jøsneset har lange tradisjonar som fruktbygd, og sorenskrivar Barth og kaptein Weisenberg i Knutsvik var to av ei handfull pionerar i Hjelmelandsk fruktdyrking på 17-og 1800-talet.
På 1940-taket var pæretrea høge og store. Her frukthausting hos Jone Mæland, Skiftun
NB sjå fleire gamle Jøsnes-bilde på Digitalt Museum
Sidan har det blitt dyrka masse flott frukt og bær i solbygda Jøsneset, noko det òg blir gjort den dag i dag. Men nå er det kun 4 bruk som har fruktdyrkinga som del av produksjonsgrunnlaget; Odd/Bjørg i Knutsvik, Jostein/Berit i Skiftun, Anne/Rasin på Fosså og Trygve/EllenLouise på Eiane. Men til saman har dei tusenvis av frukttre som skal skjærast i desse dagar; ein jobb sok tek fleire veker. Dette må gjerast på vinterhalvåret før knoppane skyt. Og tilsaman haustar dei tusenvis av tonn med flott Ryfylkefrukt i september/oktober. I Hjelmeland er det totalt 26 fruktbønder med totalt 661 daa, og dermed er Hjelmeland den klart største fruktkommunen i Rogaland.
Her står toppane klar til klipping. Akkurat denne solskinnsdagen er frukthagen ein flott arbeidsplass, men det er vel så mange sure, kalde dagar under klippearbeidet.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.