Tips til søndagsturen


Nysnøen dei siste dagane har skapt fine skiforhold innover Fossmarka. Det er godt med lett, tørr fin nysnø, så om du ikkje er redd for ein god del motbakkar, så kan det vere eit søndagsturtips å legge skituren innover vår eiga hei. Lørdag ettermiddag kjørte Johan på Foss med traktorskrapa på skogsvegen, så nå er det glatt fin løype mellom Foss og FosstemmenWink – god for skigåing/renning og god for akebrettkjøring. Men som kjend er vær/føreforhold på Jøsneset høgst skiftande, så kanskje du må vere rask for å oppleve det?

PS: vil du ha eit lettare skialternativ, så er det òg nok snø til skigåing og akebrettkjøring i «låglandet»

Send oss DITT tips til søndagstur….både for denne og komande søndagar, til: ungdomslaget@josneset.no


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.