Månad: februar 2012

Lakenskrekk??

Er det Helselaget sin nye Turpost-kolleksjon??  Siste skrik for å lokke folk med lakenskrekk ut på tur? Eller muligens siste nytt innen «varme senger» på Fosstemmen ?? Eller kanskje det er Turpost-kassens kamuflasjeutstyr i vinterterrenget…..lei av besøk, kanskje?? Hmmmm  ……Men skulle du sakne eit kvitt stretjs-laken, så er det klar for henting ved Fosstemmen….klar for …

Lær å lage vårrullar

Lise Tjeltveit kjem og har eit lite «minikurs» for å lære oss å lage VÅRRULLAR!! sjå plakaten her!   Dette var sprekt Og veldig kjekt at ho har vinterferie akkurat nå, slik at ho kan være med på damekvelden og lære oss dette. Det blir handla inn nødvendige ingrediensar. Det blir høve til å smaka …

Vannvittig utforkjøring som enda godt

Ei ung jente på 21 år kjørte idag tidleg utfor vegen ved Vardane. Bilen stupte i fjorden og var på veg ned i djupet med jenta inni !!På utruleg vis kom ho seg ut av bilen, kravla opp steinura opp på vegen og gjekk våt og kald i snøslaps og mørke tunellar i 3 km …

Fruktbøndene svingar seg i toppane

Sjølv om me berre er i februar og gradestokken viser sure minus og me har slaps og snø, så er fruktdyrkarane i bygda i full sving med årets fruktsesong. For fruktdyrking handlar ikkje berre om innhausting av flotte saftige epler og pærer på hausten. Nå skjer ein av dei viktigaste og mest arbeidskrevjande prosessane i fruktdyrking; skjæring …

RV 13 var stengd i 2 dagar

Pga fare for isras på Tysdalstranda blei RV13 stengd i to dagar.Det blei sett opp ferje mellom Tau og Hjelmeland.Vegen blei opna igjen lørdag ettermiddag. Info i avisene:  Aftenbladet og Strandbuen.

årsmøte i Bygdarådet

Tirsdag 28. februar blir det årsmøte i Jøsneset bygdaråd. Møtet blir halde i Trivselsstova og startar klokka 19.30. Det blir vanlege årsmøtesaker, me får besøk frå Hjelmeland Sparebank som har gitt oss pengar til ny oppvaskmaskin OG me skal diskutera framtida til den tradisjonelle juletrefesten. Det blir sjølvsagt kaffi og noko attåt å få, så …

Volleyballtrening utgår denne veka

Den faste volleyballtreninga går ut torsdag 23 feb pga vinterferie, idrettskader og vårrull-eting Det betyr det blir dobbel så hard innsats neste torsdag 29 feb. Då blir det full rulle igjen…

Nesten påskestemning på Skiftustøl

Dei flotte snøforholda innover heia held seg, og søndag 12 feb var ein usedvandleg fin og vindstille solskinnsdag som ga nesten påskeaktig stemning rundt den gamle stølsbua ved Skiftustølen. Det er mykje snø i heia og flotte forhold for skigåing, og i dag var det fleire av bygdefolket som koste seg på ski i Fossmarka og …

Militærbåt forstyrra datanettet

Både på Jøsneset, Ombo, Randøy låg det trådlause nettet nede nokre timar torsdag denne veka. Dette skuldast med stor sannsynlegheit den store militærbåten som gjekk ute i Ombofjorden denne dagen. IT-ansvarleg i kommunen seier at dei fekk opp radarmelding når dei leita etter feilen, så det er ikkje usannsynleg at båten hadde så sterk radar at dette «lamma» …

Trine kjem, kjem du?

Trine Danielsen, Ordførar i Hjelmeland (H). (Foto: Arild Eskeland/NRK) Tapas står på menyen     JØSNESET HELSELAG BLIR 75 ÅR!!     Denne store «happeningen» blir markert på årsmøtet i helselaget tysdag den 13.03.12 kl. 18.30. Trine Danielsen kjem for å markere dagen i lag med oss! Leiar for fylkesstyret i Nasjonalforeningen for folkehelsen i …

Kulde stansar anleggsarbeid

 Kommunen hadde ikkje arbeidd meir enn eit par dagar før kulda sette inn og sette ein stoppar for gravearbeidet i vegen ned mot Skiftun kai. Med «ein gylden halvmeter» tele i jorda blei arbeidet vanskeleg. Arbeidet er nå sett «på vent» til tela går. Det er altså vassutbygging på gang. Det skal leggjast vassledning frå det nye høgdebassenget …

Debatt om bygdeutvikling

Senterpartiet inviterte til ope debattmøte for folk i bygdene Jøsenfjorden og Jøsneset mandag kveld.  Over 20 stk møtte opp på Fjordahuset i Jøsen-fjorden til debatt om utvikling av bygdene våre, derav 4 frå Jøsneset. Ikkje uventa vart det meinings-utveksling om den pågåande saken om nedlegging av Jøsenfjorden skule og ev samkjøring med Jøsneset skule. Oppvekstutvalet …

Uttale om nye ferjetider

I mai kjem det nye ferjeruter i sambandet Hjelmeland – Nesvik – Ombo. Bygdaråda i Jøsneset og Jøsenfjorden har gått saman om å skriva ein uttale om saka som du kan lesa her

Tips til søndagsturen

Nysnøen dei siste dagane har skapt fine skiforhold innover Fossmarka. Det er godt med lett, tørr fin nysnø, så om du ikkje er redd for ein god del motbakkar, så kan det vere eit søndagsturtips å legge skituren innover vår eiga hei. Lørdag ettermiddag kjørte Johan på Foss med traktorskrapa på skogsvegen, så nå er det …

Ope debattmøte

Senterpartiet innbyr til ope folkemøte for ALLE uansett kva parti du stemmer på eller kor du bur!!Me på nordsida av fjorden, Jøsenfjorden og Jøsneset, er spesielt invitert, men SP tar òg imot «busslaster frå sørsida»  SP inviterer til open diskusjon om det me måtte ha på hjarta og det me brenn for i bygdene våre…og …

Meir anleggsarbeid

Det er anleggsarbeid på gang i Skiftudalen. Det er kommunen som fortset vassutbygginga. Nå skal det gravast ned vassledningar frå skulen, der høgdebassenget ligg) og ned langsmed kommunal veg til Skiftun kai /fiskemottaket. I same trasè blir det  òg gravd ned ein kraftig straumkabel (sjå foto).  I går, tirsdag, blei desverre nettkabelen gravd av; noko som medførte at delar …