Månad: januar 2012

Vinterstemning

Årets vinter har ikkje vore like fin som dei to føregåande. Men innimellom austavind, høljeregn og slapsevær, så glimtar det til med fine stemningsfulle stunder som det gjeld å nyte. Her frå Stien ovanfor Foss der naturen er kledd i sin vinterdrakt. Sjølv når skyene heng lågt, ja svært lågt, kan det vere stemningsfullt. Her …

Bra frammøte på rosekveld

Vår lokale representant i Hjelmeland Hagelag, Elsa Nesvik Altamirano, fortel at ROSEKVELDEN sist veke blei godt besøkt, og dei hadde nok ein trivsleg hagekveld på Jøsneset.  Ca 30 deltakarar, deriblandt ca 10 frå Hjelmelandssida. Det var bra på denne særs forblåste januarkvelden!! Skryt til Hagelaget som «tør» å satse på arrangementer også på nordsida av fjorden, …

Årsmøte i Turlaget

Hjelmeland Turlag inviterer oss til Årsmøte + god mat, info om Metorittkrateret på Ritland og fotos frå heiane våre. Spinneriet, Hjelmeland 2.feb kl 19.30.  Les plakaten HERPS: visste du forresten at i Hjelmeland er me «norgesmeistrar» i Turistforeningsmedlemskap: ingen kommune i landet har så mange medlemmer ift innbyggartal…….har hørt rykter om rundt 13 %. Vil du …

Barnetrim vår 2012

Barnetrimmen er i gang og starta bra i dag. Mange glade ungar fekk endeleg trimma seg igjen, etter pause sidan før jul. Lista over datoar og ansvarlege for barnetrimmen finn du i menyen til venstre under lag/organisasjonar og helselaget. Du kan og finne lista her.

Ta deg ein skitur

Eit av fleire fortrinn ved å bu på Jøsneset, er at det er kort veg frå fjord til fjell. Kun ein halvtimes kjøring unna, så er me oppe i flott skiterreng, med masse preparerte skiløyper, skitrekkk og lysløype….og ikkje minst flotte heiområder for «frigåing». Og nå er det snø og flotte forhold. Eit godt tips: …

Nye hurtigbåtruter frå Kolumbus

 I går 16 januar dumpa det ned nye rutehefter i postkassen, med verknad frå same dato.  Kolumbus melder at det er gjort små minuttjuseringar på enkelte ruter for å «bedre punktligheten»…mellom anna er hurtigbåten nå på Nesvik kl 17.00 på kvardagane (i staden for 17.05). Har du ikkje fått ruteheftet, så finn du det ved å …

Nedsett kapasitet på ferja

Den siste tida har det vore mykje nedsett kapasitet på ferja pga farleg last. Norled sender ut SMS-varsel. Men obs : av og til kjem meldingane frå Norled RETT før avgang, som td i går 18 jan då Norled sendte ut melding om nedsett kapasitet eit kvarter før ferjeavgongen. Då var det kun 12 passasjerar som kunne bli …

Ei ultralokal bygdeside: det er oss!

Norsk Plan, kommunikasjonsbedrifta i Ryfylke som har designa nettsida vår, kommenterer i sin firmablogg den aukande trafikken på sida vår. Norsk Plan skriv mellom anna : » Stoffet er ultralokalt, akkurat slikt vi likar å lese om heimplassen vår«.Ja, me er ultralokale….og det fortset me med: dette er sida der ingenting er for lite Men dei skriv …

Klar for SKIKARUSELL

Nå startar vinterens kjekkaste og trivslegaste eventyr: SKIKARUSELLEN 2012! Set av følgjande datoar: 1. MÅNDAG 30. jan kl 18.002. TYSDAG 14. feb kl 18.003. ONSDAG 29. feb kl 18.004. TORSDAG 15.mars kl 18.00 inkl premiering SKIKARUSELLEN finn stad i lysløypa ved Gullingenhuset, og er eit kjempekjekt skikarusell-renn først og fremst for barn…og eit av Rogalands største, har …

HUSSE-produkt selges på MIXn

Jarle Langvik og Ceslie Wåland forhandlar òg nå HUSSE-produkt både på MIXn på Nesvik og via nettet. HUSSE-produkt er altså hunde- og kattefòr av god kvalitet + div utstyr til hund/katt. Jarle og Cesile har sendt oss informasjon om produkta og kor du får tak i dei….       Dei skriv: «Me det vil …

Tur til FLORIADEN 2012

Hjelmeland Hagelag inviterer folk i kommunen til å bli med på tur til FLORIADEN 2012.FLORIADEN er verdas største og mest berømte hageutstilling, og blir arrangert kun ein gong pr 10.år, og varer frå 5 april til 7.okt.Folk frå heile verda strøymer til byen Venlo i Holland og får sjå det mest utsøkte, spesielle, kreative og fantastiske innan hagebruk.Så er …

ROSEKVELD I TRIVSELSTOVA

Kva vil vel gjere oss betre, nå midt i den mørke våte vinteren, enn ein kveld via til dei vakre roser ??  Nå har du sjansen: Hjelmeland Hagelag innbyr til ROSEKVELD I TRIVSELSTOVA med Odd Haukås torsdag 26 januar kl 19.00.Det blir servering av kaffe og kaker, sal av årer og utlodning. Les plakaten HER.Og me …

Flotte panoramabilder over Ryfylke

På reiselivsdestinasjons-sidene RYFYLKE og VISIT NORWAY er det lagt ut fantastiske 360-graders panoramabilder over fleire stader i Ryfylke. Fotografen Pål S Vindfallet Making View AS har flydd luftvegen langs Nasjonal Turisveg, og «stoppa» for å ta spektakulære bilder over eit Ryfylke kledd i blå himmel, blå sjø og irrgrøne jorder. Det er dette Ryfylke me …

Høgafjell lever sitt eget liv..

Helselaget omdisponerte sine turar for nokre år tilbake, og då vart turboka på Høgafjell tatt vekk, sjølv om sjølve turen framleis skal vere godt merka og rydda. Her har helselaget framleis ansvaret. Men det viste seg kjapt at Høgafjell levde sitt eige liv og det var raskt på plass ei ny bok som «Høgafjell-nissen» tok …

Gamle Jøsnes-bilder på nett

I fredagens papirutgåve av Strandbuen kunne me lese om Ryfylkemuseet si digitale fotosamling som dei nå har lagt ut på nett. Her finn me òg mange fine bilde frå «gamle dar» frå Jøsneset. Det er bilder heilt tilbake til 1800-talet, og òg av «nyare» dato; slik som her frå 1978 då Hjelmelandsfjord hadde sin siste …

PILA OPP FOR JOSNESET.NO IGJEN

I fjor på desse tider kunne me skrive om auka bruk av nettsida vår. Det gledelege er at det kan me skrive om i år òg !!For sida vår blir stadig meir besøkt . I fjor hadde besøkstalet auka frå ca 9500 besøkande til 13 500, altså eit auke i besøktalet på 4000. I år …

Volleyballtrening startar torsdag

TORSDAG kl 20.00 startar me på ny runde med volleyballtrening. Fortset torsdagskveldar framover. Nye og «gamle» spelarar er velkomne

Tøming av bossdunk 03.01.12

Det er nye folk som tømar bosset på Jøsneset, og difor vil gjerne RYMI at dei som ikkje fekk tømt bosset sitt tysdag deb 03.01.12 tek kontakt med dei på tlf 51759550, slik at ikkje spannet blir gløymt også neste gong.

Daniel Fossaa = årets spåmann

  «Jøsnes-spåkonkurranse 2011» var altså var ein konkurranse som gjekk for ca eit år sidan, der folk skulle spå/tippe på 15 spørsmål om kva som ville kome til å skje ila 2011. Det kan tyde på at Daniel pussa bra på spåkula si, for han fekk 8 rette, og blir nå vinnar av eit velsmakande …

oppdatert: Besøk i Turpostane

Nå blir turbøkene på postane bytta ut. Etter kvart som styret får bøkene inn, vil vi legge ut her kor mange besøk det har vore på kvar plass (tal i parantes er frå i fjor). Det blir trekning i bøkene på årsmøtet til helselaget i februar/mars.   Gunlanuten: 189 stk (198) Tausanibben: 134 stk (61) …