2011 er snart historie, og nå blir snart «Årets Jøsnes-spåmann/kone» kåra. «Sekretariatet» har mesteparten av svara frå spåkonkurransen 2011 klare, men eit par av de må me inn i offentleg statistikk for å finne, så endeleg resulatat føreligg litt ut i 2012.
Det var nærare 20 stk som deltok i konkurransen, dvs leverte inn svar på dei 15 spørsmåla om ulike ting som ville skje på Jøsneset/i kommunen dette året.
Det vanskelegaste spørsmålet var visst «kven held 17.mai-talen 2011?». Det var ingen som tippa rett på; at det var Arthur Westersjø. Men mange gode forslag, som kanskje skulle vore overlevert til årets 17-mai-komitè??
Og alle utanom ein hadde feil på tipping av ny ordførar; nesten alle trudde at Bjørn Laugaland ville fortsetje. Kun 1 tippa Trine Danielsen
Men veldig mange var optimistiske på turgåinga sine vegne for 2011. Eit av spørsmåla var nemleg kor mange som ville kome til å besøke Håvehammar ila 2011 (det var 948 i fjor). Mesteparten tippa over 1000, og det var rett!! Det blei godt over 1000, og det var jo supert!
Nesten alle var òg optimistar på Jøsnes-sida sine vegne, og tippa at besøkstalet på nettsida vår ville gå opp ila 2011. Dette er eit av dei spørsmåla me får vente litt med å konkludere på, men me håpar jo sjølvsagt dei hadde rett
Men ALLE svara på kva som skjedde i 2011 vill de få samla når alt er klart.
Og sjølvsagt; det blir kåra ein vinnar, som skal bli premiert med eit ekta Jøsnesprodukt. Så følg med!!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.