Dag: 10. november 2011

BYGDAKVELD PÅ SKULEN

Det blir stor BYGDAKVELD på Jøsneset skule onsdag 16.november kl 18.00. Det er fellesarrangement for Jøsneset og Jøsenfjorden skule og alle i begge bygdene er hjartelege velkomne. Skulane har hatt felles temaveke om sjølvaste EDVARD MUNCH. Det blir difor «kunstutstilling», rollespel og song + musikalske innslag frå elevar i Kulturskulen. Opplegget passer for alle aldersgrupper …

JULEMESSE I SPINNERIET

Lørdag 3 og søndag 4 desember er det JULEMESSE PÅ SPINNERIET Masse flott heimelaga brukskunst – få julestemning og finn julepresangar……det blir mat og overraskingar og så kjem sjølvsagt NISSEN Les meir på HJELMELANDSNYTT.NO