Månad: november 2011

EKSTRAFORESTILLING «Kjekt å ha»

Lokalrevyen på Hjelmeland går som «hakka møkk»….og pga at bilettane blei utsolgt tidleg på fredag formiddag, blir det nå sett opp…. EKSTRAFORESTILLING SØNDAG kl 19.00Salg av bilettar i døra. Sjå innslag på NRK-ROGALAND. Revyen har fått veldig god omtale

Datatrøbbel etter uvær

Hjelmeland kommune melder om datatrøbbel etter helgas uvær. Det er ein komponent i antennen på Nesvik som er skada av for mykje vatn, og det må bestillast ny del.Kan ta nokre dagar før det er «oppe å går» igjen.Her i bygda berører det m.a. Jøsneset skule og barnehage Les meir på nettsida til Hjelmeland kommune

Me tenner julegrana

2. søndag i advent, 4. desember tenner me i år igjen juletreet ved brannstasjonen       Søndag 4.desember tenner me juletreet ved brannstasjonen. Det blir gang rundt juletreet, julesongar, gløgg, pepparkaker og grilling av pølser. Mon tro om ikkje nissen og kjem innom?   Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien klokka 17 Faklane kostar …

Revyen «Kjekt å ha»

For dei som har Anna Anka og resten av revygjengen frå Erfjord/Jøsenfjorden friskt i minne, kan de nå glede dykk til nok ein ny lokalrevy.Denne gongen er det på «hi siå» av fjorden. Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag set opp lokalrevyen «Kjekt å ha»Dei lokkar med fleire nye debutantar på scenen, nye tekstforfattarar, nye låtar, artige lokal-parodiar …

MIXn – Nytt

Melding frå Cesilie på MIXn Nesvik: Hei! November tilbud på julesnop og kalendere er komt på Mixen.Alle pølser til kun kr25,- hele mnd. Minner òg om åpningstider som er 11-19 kvar dagGaveide?? Utvalgte Disney DVD 1 for 89,-….2 for 149,- meir info: www.mix.no

Passert 1000….

……nei, det er ikkje folketalet på Jøsneset som har nådd uante høgdar… Men derimot er det besøkstalet på turposten HÅVEHAMMAR : der er nå registrert over 1000 turbesøk i turbøkene der hittil i 2011…nærare bestemt 1003. Det betyr at fjorårets besøktal allereie er passert….då var det snautt 950. Håvehammar vil vel då igjen «gå av …

Munch-turné??

Strandbuen hadde ein fin artikkel om Bygdekvelden i fredagsutgåva 18.nov, og der fronta dei ideen om å ta dei Munch-inspirerte kunstverka med ut på «vandreutstilling» til andre skular – samen med skodespelet. Det var et flott skussmål å få og så får me vente å sjå kva som skjer Til dei av våre nettlesarar som …

Bygdekveld i Munchs ånd

Me vågar påstanden om at framsyninga som skulebarna framførte på Jøsneset onsdag kveld var sjølvaste Edvard Munch verdig !!!  Han hadde nok smilt godt om han hadde visst korleis hans verk  inspirerar barn i vårt moderne 2011 – heile 67 år etter hans død.  Gymsalen på Jøsneset var fullstappa med publikum når temaveka om Munch blei presentert. Publikum blei …

15.11.11 Bytte av turbøker

Nye turbøker for 2012 er kjøpt inn og laga klar for å leggast ut. Bøkene vil eg dele ut til dei som har adoptert turane. Dersom nokon andre veit at dei skal ta seg ein tur og gjerne vil ta med boka, så ta kontakt. Vi satsar på å bytte bøkene på toppane frå 01.12.11 …

NAMNEKONKURRANSE

Revygjengen har begynt å røre på seg igjen, og har planar om påskerevy 2012 – til glede for oss alle her i bygda. Nå lyser dei ut namnekonkuranse: Finn på namn på påskerevyen 2012 – så kanskje du kan vinne gratisbiletter for to personar !!! REVYGJENGEN SKRIV:«Som kjent varer julå heilt til påske, og siden …

BYGDAKVELD PÅ SKULEN

Det blir stor BYGDAKVELD på Jøsneset skule onsdag 16.november kl 18.00. Det er fellesarrangement for Jøsneset og Jøsenfjorden skule og alle i begge bygdene er hjartelege velkomne. Skulane har hatt felles temaveke om sjølvaste EDVARD MUNCH. Det blir difor «kunstutstilling», rollespel og song + musikalske innslag frå elevar i Kulturskulen. Opplegget passer for alle aldersgrupper …

JULEMESSE I SPINNERIET

Lørdag 3 og søndag 4 desember er det JULEMESSE PÅ SPINNERIET Masse flott heimelaga brukskunst – få julestemning og finn julepresangar……det blir mat og overraskingar og så kjem sjølvsagt NISSEN Les meir på HJELMELANDSNYTT.NO

05.11.11 Bulyst Hjelmeland 24-7

Ein gla gjeng på Spa hotellet laurdag 29.10.11 på kick-off for bulyst-prosjektet «Hjelmeland 24-7» Jøsneset hadde tre stk med på kick-off.     Som nemnt tidlegare har Hjelmeland fått 780000,- i bulystmidlar frå kommunal- og regionaldepartementet etter ein søknad frå kommunen og nokre frivillige lag, bl.a Jøsneset helselag. Det er no oppretta prosjektgruppe og arbeidsgrupper. …

04.11.11 Nytt frå styremøte i helselaget

Premiering av turstiar Som vi tidlegare har informert om her på nettsida, samt i infoskriv som vart sendt rundt til innbyggarane på Jøsneset, så skulle ei sak på møte vere premiering på turstiane. Vi har fått nokre få innspel som vart tatt opp på styremøte, men vi hadde håpa på fleire innspel frå dei som …

Anna Anka er klar…..er du??

GJIL AKTIVITETSSENTER melder at Anna Anka er klar for julabordet, så nå får alle karar stasa seg opp og forberede den kulturelle begivenhet. Dei melder òg at det blir ein kanon revy! – god mat – kjekk quiz – kjekke folk – god drikke – og mykje meir! Og : bussen kjører kl 01.35 til …