I runden rundt i bygda blei det samla inn 30-40 brukte mobilar, som nå blir resirkulert hjå Telenor. Dette brakte +/- 1300 kr inn på kontoen til Hjelmeland Idrettslag, som gjorde innsamlingsjobben for Telenor. Takk for bidraga.
Alle har vel lengta etter sommaren som ikkje heilt slo til i år. Og den historisk regnfulle og klissblaute september månad gjorde vel sitt til at me blei enda meir «værsjuke» enn godt er. Men som eit lite eventyr openberra dei siste dagane i september seg med sol, blikkstille fjord og over 20 grader varme …