Månad: oktober 2011

31.10.11 Skuumle tider i bygda..

  Det er skummelt i bygda nå etter mørkets frambrot.. Ein kan sjå mørk-kledde små skikkelsar med masker fare frå hus til hus, svært målbevisste er dei og.. «Knask eller knep» får ein høyre når dei kjem på døra. Då gjeld det visst å ha «knask» (snop) til dei, elles kan ein venta seg eit …

31.10.11 Skuumle tider i bygda..

Det er skummelt i bygda nå etter mørkets frambrot.. Ein kan sjå mørk-kledde små skikkelsar med masker fare frå hus til hus, svært målbevisste er dei og.. «Knask eller knep» får ein høyre når dei kjem på døra. Då gjeld det visst å ha «knask» (snop) til dei, elles kan ein venta seg eit knep.. …

KorLøye-øvingar

Sist KorLøyeøving på mandag var så løyen, at me avgjorde at me legg inn ei ekstra øving førstkomande mandag 7. nov kl 19.30 Jøsenfjorden skule . Nokre nye røster har meldt sin ankomst. Det er gøy! Me har plass for enda fleire nye røster. Møt opp til godt lag Neste øvingar blir: mand 21 nov Jøsenfjorden …

Godt loddsalg på FN-basar

21 oktober var det årleg FN-kafè med basar på skulen. Det var relativt godt frammøte, sjølv om ein god del foreldre var forhindra å kome då arrangementer var midt i arbeidstida frå 11- 12.30. Men kjekkt at mange besteforeldre og andre bygdefolk fann turen hit denne dagen. Loddsalget gjekk godt – overskotet  5 500,- går …

ENJO-ekspressen er i området

Dei to siste vintrane har me hatt besøk av Karin Tove Netland som har demonstrert og solgt ENJO-produkter i Trivselstova. Nå har ho sendt oss ei melding om at ho skal innover til Hjelmeland denne veka, og dersom nokon har spørsmål, noko er ødelagd eller ein treng påfyll av produkter, så kan de ta kontakt …

Volleyballstart onsdag 20. oktober!

Volleyballstart torsdag 20. oktober! Volleyballentusiastane i bygda treng ikkje vente lenger. Me startar opp førstkomande torsdag (20. okt) kl. 20.00Denne sesongen blir det speling dei tre første torsdagane i kvar månad. Siste torsdagen er sett av til damene og deirasdamenes aften i Trivselstova. Håpar endå fleire får høve til å stilla når me legg det …

31.10.11 ny dato Livredningskurs

Livredningskurset den 18. oktober ble avlyst. Det blir i staden den 31.oktober kl. 18.30 på helsehuset. Dette er eit bra tilbod, som vi håpar flest mogleg nyttar seg av. Røde kors skal ha en time først med livredderkurs som går på hjertestart og kontakt med amk sentralen, dette er et kurs som Hjelmeland kommune har …

Gigantsopp på Lønnehaugen

Til tross for dei særs heftige regnbygene, så måtte berre Solveig og borna på Lønnehaugen driste seg ut i regnet med fotoapparatet i dag. For dei hadde fått auge på ein gigantsopp utanfor huset…..ein sopp med diameter på heile 43 cm !!     Soppen var kvit og hadde ikkje heilt rund form, men var …

Vassutbygging på Jøsneset

Dei fleste som er ute og ferdast på vegen mot Nesvik har nok merka gravinga  langsmed vegen. Det er kommunen som har sett i gong med vassutbygginga på Jøsneset. Første fase er å forlenge hovudvassledningen frå Mikal Laks og bort til skulen; der det skal etablerast nytt høgdebasseng.   Leiar på Teknisk seksjon Morten Jensås …

Kommuneplan med fine Jøsnes-bidrag

Kristiane Hjelmeland kommune har nyleg vedteke ny kommuneplan – eit dokument som er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy dei komande åra. Tekstheftet til planen er illustrert med flotte barneteikningar og koselege dikt – alle bidraga er laga av elevar ved Jøsneset skule.   For 1-2 år sidan sende kommunen ut utfordringa til skulane i kommunen om …

Spreke studentar på Gunlanut-tur

Lørdag 1. oktober (den stille, deilige, varme solfylte haustdagen) kunne me møte desse spreke studentane ved varden på Gunlanuten. Det var litt tilfeldig dei hamna her, for dei hadde aldri vore her før, men via googling på nettet fann de tursti-kartet vårt og kunne dermed legge ut på helgetur på Jøsneset. Dei hadde bestemt seg …

Mobilinnsamlinga

I runden rundt i bygda blei det samla inn 30-40 brukte mobilar, som nå blir resirkulert hjå Telenor. Dette brakte +/- 1300 kr inn på kontoen til Hjelmeland Idrettslag, som gjorde innsamlingsjobben for Telenor. Takk for bidraga.

30.09 Endeleg sommar

Alle har vel lengta etter sommaren som ikkje heilt slo til i år. Og den historisk regnfulle og klissblaute september månad gjorde vel sitt til at me blei enda meir «værsjuke» enn godt er. Men som eit lite eventyr openberra dei siste dagane i september seg med sol, blikkstille fjord og over 20 grader varme …