Helsebadinga startar opp att i oppvarma basseng på Hjelmeland den 17.oktober. Kvar måndag Kl 17.30-18.30 for småbarn med føresette. 18.30-19.30 for vaksne. Det kostar litt å vere med, nærare info kjem når dette er klart.
Eldretreffen startar opp att i Trivselståvå den 29.09.11 kl. 10. Datoar for hausten blir vidare: 13.10, 27.10, 10.11, 24.11 og 8.12. Pga middag er det påmelding til Olga Hjorteland på tlf 51751947. Vel møtt, og hugs det er plass til fleire!
NAV-leiar Svanhild Hjorteland kjem den første damekvelden i haust! Ho vil snakke om pensjon – eit viktig tema for oss damer å vite noko om! I tillegg kan ho fortelle litt om hvilke oppgåver som ligger til eit NAV-kontor. Så vel møtt torsdag 29.09.11 kl 20.00 på Trivselståvå. Helselaget