Reidert artikkel om død sau

 

«Gutten vår på 12, Jasin, skulle ned i stranda i dag, og i fjæresteinane rett nedanfor hagen møtte han eit makabert syn:

I fjæresteinane låg ei stor/vaksen oppsvulma vær og flaut…..ikkje nok med det. Beina på væren var knytt fast i ein tau festa til ein stein. Og hodet var skjært bort på sauen. 

Det kan tyda på at ein eller annan har gjort eit forsøk på å kvitte seg med ein sau ved å søkke den i sjøen…..MEN DET VAR MISLYKKA !! Hodet var sannsynlegvis fjerna for å fjerne identiteten på sauen….så me veit ikkje kven sin vær det var. Den kan sjølvsagt ha kome rekandes frå andre bygder langs fjorden enn Jøsneset, men den bar ikkje preg av å ha lege veldig lenge i sjøen då den var relativt «intakt».  Men sauen var heilt oppsvulma så den flaut på overflata som ei anna blåse…..og dette stinka død og bedervelseYell

Med hjelp av nabo fekk me fjerna sauen, så nå er den borte. Men måten ein eller annan har forsøkt å fjerne sauen på, opplevdes som makabert for små og store hos oss. Og den som gjorde det påførte andre folk ulempe og arbeid for å fjerne kadaveret. Sannsynlegvis er det vel heller ingen lovleg måte å kvitte seg med dyr på.

Svanhild H Gbada, Skiftun.

ps….skulle vel tatt bilde av den, men, nei, de kan vere glade de slepp å sjå den.
pps….denne søndag formiddagen var det nærare ti fritidsbåtar ute på hobbyfisking like utanfor…..godt at dei ikkje fekk den på snøret sitt.»


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.