Dag: 22. august 2011

Gjil Aktivitetsenter til Hjelmeland

Bente og Svein Carlos på Gjil Aktivitetssenter startar 3.sept opp med nytt treningssenter på Sandetorjå på Hjelmeland. Dei tilbyr mange gode aktivitetstilbod, gruppetreningar og personleg-trenar-opplegg mm. Dei har stand på Sandetorjå nå på lørdag 27.august kl 10-15. Dei lokkar med gratis innmeldingsavgift og gratis t-skjorte for dei som melder som medlem ila august. Les meir …

Skulestart utan 1.klassingar

Mandag 22.august starta Jøsneset skule opp att etter sommarferien, men i år var det utan førsteklassingar både her og i Jøsenfjorden. I desse to bygdene er det rett og slett ikkje barn dette alderstrinnet. Og når 6 av fjorårets elevar i dag dro avgarde til Ungdomsskulen, blir elevtallet på Jøsneset mindre enn i fjor. I …

Fyll opp Romania-traileren

ME MINNER OM INNSAMLING AV KLÆR TIL ROMANIA.LASTEBILEN KJEM FREDAG 16. SEPTEMBER kl 17 – 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJON. Inger Apeland frå Suldal er like trufast med INNSAMLING TIL ROMANIA i år som tidlegare haustar. I fleire år har ho stått på og organisert innsamling og transport av klær, utstyr og anna til Romania.  I …

Sommarbilder

Endelig dryppa det inn nokre koselege sommarbilder.  Ingunn Nesvik var på sommarferie i Solbakken ei heil veke i sommar, og knipsa med kameraet.Her er det nevø Fridrik som er ute på fisketur på Ombofjorden i Besten sin båt. Fekk de fisk mon? Men sjølv om Jøsneset er paradis på jord, så må ein jo ut …

MIKAL LAKS= Norgesmeister

Den gledelege overskrifta og foto av vinnaren er henta frå dagens STRANDBUEN.Mikal Viga på MIKALS LAKS (nr 2 frå høgre) håva inn ny 1.premie i Norgesmeisterskapet på AquaNor-messa i Trondheim.  Den vesle Jøsneslokaliserte verksemda, driven av ekteparet Mikal og Astid Fossaa Viga, og som produserer deilig røykelaks, får altså igjen gjev premie for sitt produkt.  …