Månad: august 2011

Haustskyting i Jøsenfjorden utsett

Haustskytinga i Jøsenfjorden skulle eigentleg vore avvikla fredag kveld, men pga svært sterk vind blei arrangementet avlyst.Ny arrangementdato er TORSDAG 1. SEPT kl 18.00- Skytebanen i Jøsenfjorden. Arr: Jøsenfjorden skyttarlag.

28.08.11 Jøsneset omtalt i medlemsblad

Denne veka kom cøliaki-nytt i posten til medlemmene av Norsk Cøliakiforening. Her var det eit innlegg frå Jorunn Foss som var kome med, med skryt til årets 17. mai komité på Jøsneset Innlegget kan du lese her.

Sommarbilder frå Lønnehaugen

Solveig Bog Bouzane har sendt inn nokre koselege sommarbilder: mellom anna denne flotte solnedgangen frå Lønnehaugen. Ingen tvil om at familien Bouzane har flott utsikt !!!   Sommaren 2011 går vel ikkje inn i historia som århundrets badesommar utandørs…..men kva gjer vel det når me har oppvaskkummen å ty til. Her kosar minstejenta Robin seg. …

NYE ÅPNINGSTIDER MIX`n

Cesilie på MIXn på Nesvik melder om nye åpningstider: MAND – FRED 11.00 – 20.00 og LØRD – SØND 10.00 – 20.00.

Gjil Aktivitetsenter til Hjelmeland

Bente og Svein Carlos på Gjil Aktivitetssenter startar 3.sept opp med nytt treningssenter på Sandetorjå på Hjelmeland. Dei tilbyr mange gode aktivitetstilbod, gruppetreningar og personleg-trenar-opplegg mm. Dei har stand på Sandetorjå nå på lørdag 27.august kl 10-15. Dei lokkar med gratis innmeldingsavgift og gratis t-skjorte for dei som melder som medlem ila august. Les meir …

Skulestart utan 1.klassingar

Mandag 22.august starta Jøsneset skule opp att etter sommarferien, men i år var det utan førsteklassingar både her og i Jøsenfjorden. I desse to bygdene er det rett og slett ikkje barn dette alderstrinnet. Og når 6 av fjorårets elevar i dag dro avgarde til Ungdomsskulen, blir elevtallet på Jøsneset mindre enn i fjor. I …

Fyll opp Romania-traileren

ME MINNER OM INNSAMLING AV KLÆR TIL ROMANIA.LASTEBILEN KJEM FREDAG 16. SEPTEMBER kl 17 – 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJON. Inger Apeland frå Suldal er like trufast med INNSAMLING TIL ROMANIA i år som tidlegare haustar. I fleire år har ho stått på og organisert innsamling og transport av klær, utstyr og anna til Romania.  I …

Sommarbilder

Endelig dryppa det inn nokre koselege sommarbilder.  Ingunn Nesvik var på sommarferie i Solbakken ei heil veke i sommar, og knipsa med kameraet.Her er det nevø Fridrik som er ute på fisketur på Ombofjorden i Besten sin båt. Fekk de fisk mon? Men sjølv om Jøsneset er paradis på jord, så må ein jo ut …

MIKAL LAKS= Norgesmeister

Den gledelege overskrifta og foto av vinnaren er henta frå dagens STRANDBUEN.Mikal Viga på MIKALS LAKS (nr 2 frå høgre) håva inn ny 1.premie i Norgesmeisterskapet på AquaNor-messa i Trondheim.  Den vesle Jøsneslokaliserte verksemda, driven av ekteparet Mikal og Astid Fossaa Viga, og som produserer deilig røykelaks, får altså igjen gjev premie for sitt produkt.  …

dugnad Trivselsstova

Bygdarådet treng hjelp til å vaska ned Trivselsstova, så onsdag 24. august klokka 18.00 ber me arbeidslystne i alle aldrar møta opp! Dersom vêret er bra, blir det òg beising av ballbingen samstundes. Møt opp!!

Informasjon om valet

Det nærmar seg kommune- og fylkestingsvalet 12. september. Lurer du på korleis du kan førehandsstemma, kva ein slengar er eller korleis du gir personstemmer? Du kan lesa meir om det her  

Fossdalsbu på vannski etter amfibiebåt

Joda…..når Fossdalsbuen skal på ferie så søkjer dei tydlegvis ut i det våte element blandt holmar og skjær. Og der dumpar dei tilfeldigvis oppi tidsskriftet «BÅTLIV» som er ute på sommarreportasjetur. Og sjølvsagt: Fossdalsbuen slår til, og hiv seg ut i havet på vannski etter ……ja…. ein amfibiebåt; som altså er ein båt som kan …

Hausten kjem snikande

Grå-gjessene er observert i plogformasjon på himmelen på veg sørover, bukkejakta er godt i gong og kantarellen og andre soppar struttar i skogane våre nå. Joda, sommaren går går definitivt mot haust. MEN: me har ikkje mottatt eit einaste sommarbilde frå Jøsneset i år.  Er det så at 2011-sommaren har gått oss «hus forbi»?? Me …

11.08.11 Folketalsutvikling på Jøsneset

Strandbuen har i si papirutgåve den 10.08.11 lista opp folketalsutviklinga i Forsand, Strand og Hjelmeland dei siste ti åra. For Jøsneset sin del har det gått litt ned i løpet av 10 år. Det var ein topp på heile 170 innbyggjarar i 2006, men er no nede i 146. Tala slik dei sto i Strandbuen …

Kjempesøte kaniner til salgs på Fosså

Reinrasa Dverg- Veddere til salgs ! Har to dvergveddere som er født 03.06 2011. Den brune er hann og den gråe er hunn. Pris 200 kr per kanin. Kan komme og se dei viss dokk vil. Tlf. 98060223 Johan Fosså.

Turtips med flott utsikt

På Jøsneset er det mange fine turstiar, og mange av desse finn du samla i turstifoldaren vår HER. Men av og til kan det vere artig å ta andre turar, som hit til Hyestaden på Skiftufjellet, der det ila sommaren òg har kome fin benk med tilhøyrande bord.   Hystaden ligg ca 100 m loddrett …

Tips oss og send inn bilder

Igjen oppmodar me våre lesarar til å sende oss tips om stoff og bilder frå Jøsnessommaren 2011. Me har hittil faktisk ikkje mottatt eit einaste sommarbilde frå Jøsneset….dette kan DU gjere noko med. Send inn ditt bilde NÅ anten det er frå fisketuren, stupebrettet, plaskregnet, godstolen, kveldsteminga eller sommarjobben din.  Sendast til ungdomslaget@josneset.no. Har du …

Fint blomsterhjarte

Det blei laga eit hjarteleg blomsterminne på Skiftunkrossen for alle berørte i Oslo og Utøya.Fleire dagar etter at dei første blomane blei lagt ned på ei stille markering, kom òg fleire folk å la ned blomar, lys, helsingar og flagg. Minnestaden var forma som eit hjarta, og hjarta fylde seg opp. Symbolsk og fint.Men tida …

02.08.11 Mange besøk på turpost

Ellen Mari har tipsa om at Håvehammar har pr 30.07.11 hatt 700 besøkande (barne- og vaksenboka tilsaman)! Dette er svært bra På same tid har Tausanibbå på Herefjellet hatt 60 besøk, og Norda Høgaste på Herefjellet har 50. Vi kan legge ut status på fleire turpostar her, så berre send melding med kor mange besøk …