1.pinsedag: Hardhausen og 3nuts-tur

KUN FÅ TIMAR IGJEN TIL ÅRETS HAPPENING:  HARDHAUSEN !!!
Og værmeldingane blir bare bedre og bedre: først meldte de regn, så overskya, så sol og 16 grader.
Sista nya på værmeldingsfronten er SOL HEILE DAGEN, SVAK VIND, 17 GRADER. Perfekt fjellvandringsværLaughing


Sjå været time for time HER.
Det ser ut til at SOLA er med oss tredje år på rad:-D….bli med du òg !!!
Men OBS: det er veldig vått i terrenget pga alt regnet dei siste vekene; støvlar eller gode fjellsko kan vere smart om du vil unngå å bli våt på beina.

 

 

1.pinsedag håpar me nemleg å sjå mange tobeinte «fjellgeiter» på Jøsnes-toppane.
Då går den populære HARDHAUSEN og 3-NUTS-TUR av stabelen.

Plakaten ser du HER

Kart over løypene finn du HER

 

Arrangementet finn stad på Jøsneset.

Klikk på kartet, så får du det i større format.

Frå Nesvik ferjekai v/RV13 svinger du inn på fylkesveg retning Skiftun, så kjører du 5-10 min anten til:

Foss: der du følgjer god men bratt skogsveg til startområdet v/Fosstemmen 380 m.o.h, gåtid ca 40 min
Åsland: her følgjer du merka sti til startområdet v/Fosstemmen, gåtid ca 40 min.
Er du ukjendt i området kan det vere smart å møte opp på Åsland 08.30 – då får du lokal guide med til startområdet.

START VED FOSSTEMMEN: Her registrerer du deg mellom 09.00-11-00, og du får utlevert kart over stinettet.

3-NUTS-TUREN går til dei tre høgaste toppane på Jøsneset: Gunlanuten, Valafjellet og Røssenibben.
HARDHAUSEN: om du skal kunne smykke deg med tittelen «Hardhaus» må du òg gå den 4. høgaste toppen på Jøsneset som er Norda Høgaste.

Målområdet er der du starta: Ved Fosstemmen.

Målet er ikkje å gå fortast; men å kome nærast den hemmelege idealtida. Så her har alle som fullfører like stor sjanse til å gå av med seieren.
Deltakaravgift kr 100,-
Deltakarpremiar til dei som har gått 1.gong og 2.gong og deretter 5.gong. Flott lokalprodusert premie til den som kjem nærast idealtida.

 

LITT OM TURTERRENGET:

STARTOMRÅDET V/ «KALVAGAREN» VED FOSSTEMMEN:

For ein del er det ei bragd berre å kome seg til startområdet ved Fosstemmen som ligg 380 m.o.h. Du kan anten gå ein bratt skogsveg opp frå Foss eller på sti frå Åsland, ca 40 min.  Om du syns toppturane blir for tøffe,  kan du gjerne blir ved Fosstemmen heile dagen, for dette er basen for arrangementet, her er det folk heile tida og her er moglegheit for fisking, bading og natursti for dei minste, og grillane er tende om du har lyst å lage søndagsmiddagen her. Her finn du òg det spesielle fellesbygget «Kalvagaren»; eit sekskanta laftabygg med sittebenker og bålgruve som fungerer som ein gapahuk.

 

GUNLANUTEN, 829 m.o.h:

Dette er den høgaste toppen på Jøsneset. Frå Fosstemmen følgjer ein skogsvegen til Skiiftustøvatnet og svingar inn på stien mot aust opp «Grøna Lia».

Stien er god og godt merka. Trass i stigning heile veien, er det lett, godt turterreng, med ein del berg, bekkar og små tjern undervegs.

Frå Gunlanuten er det vid utsikt over heile Ryfylke, og ein ser rett ned i Erfjord mot Hålandsosen.

VALAFJELLET 713m.o.h:

Dette er ein liten men bratt avstikkar frå hovudløypa opp mot Gunlanuten. Stien her er òg godt merka, men ikkje så opptråkka som hovudstien. Her går ein i litt meir lyng.  Valafjellet er toppen i bakkrunnen på bildet nedanfor, og herfra er det vid utsikt over heile Ombofjorden og øyriket i Ryfylke.


RØSSENIBBEN 719 m.o.h:


Dette er ein litt lengre avstikkar frå hovudstien, og heller ikkje her er det tydeleg sti. Men løypa er òg her merka med rød maling, så det er lett å finne fram. Litt meir «basete» terreng, og kort/bratt oppstigning til sjølve toppen. Men her er vid utsikt inn og ut heile Jøsenfjorden, så du får lønn for strevetSmile

 


NORDA HØGASTE 690 m.o.h


For å bli ein orntlig «Hardhaus» må du altså gå den 4. toppen ògTongue out Denne heiter Norda Høgaste og ligg på Herefjellet. Denne toppen ligg lenst mot vest. Det er bratt oppstigning, men har du først kome opp så angrar du ikkje. Her er fantastisk utsikt over alle fjordar og fjell i Ryfylke, og stupande bratt rett ned mot den irrgrøne Erfjorden.

 

Alt i alt kan me tilby deg vakker natur og storslagen utsikt. I fjor var det over 80 stk som gjekk turen; blir det like mange i år kan me òg love deg at du treff mange kjekke, blide folk på di vandring mellom fjord og himmel.

Velkommen til Jøsneset 1. pinsedag !!

Har du spørsmål til arrangementet, så send oss gjerne ein epost: ungdomslaget@josneset.noeller helselaget@josneset.no

Arrangør: Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Helselag.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.