Jøsnesbygda framleis utan nett

Heile Jøsnesbygda er framleis utan nett, etter sjøkabelen som går inn til bygda blei ødelagd onsdag 11.mai.

Ved telefonsamtale med feilmeldinga til Telenor i dag 16.mai, kunne dei ikkje love snarleg løysing på problemet, og eigentleg heller ikkje gi detaljert svar på det konkrete spørsmålet.

Kabelbrot i sjø må løysast med spesiell kabelbåt, ev ubåt om de må djupt ned, som det kun fins 1 av i landet. I følge «Telenor-dama» skjedde slik skade sist i Kristiansandområdet, og då tok det 2 veker før skaden kunne rettastSurprised Dengong måtte de vente til kabelbåten kom frå Russland. Denne gongen var (er?) kabelbåten i Bodø, så det er litt av årsaken til at dette tek tid.

Siste melding ein har mottatt frå Telenor var på SMS 16. mai kl 10.50. Dei skriv:

«Feilretting vil ta lengre tid enn planlagd, nytt rettetidløfte er 20.mai kl 16.00. Vennligst ha ref.nr tilgjengeleg ved videre kontakt. Referansenummer er 21907481. Hilsen Telenor»

I følge «Telenor-dama» er det ingen nettstad el l, me kan gå inn på for å hente informasjon om feilrettinga. Feilmeldinga 05000 er einaste moglegheit. Ha god tolmodigheit om du ringerUndecided

(kanskje det er smart viss mange ringer, då kan me kanskje får de til å «raske på litt»Wink)

Har du ny info å kome med, så meld det til Svanhild på 97 00 76 36, så kan me legge ut ny info her………til glede for dei utenbygds som kjem inn på vår nettside.

 

NB: Det blir ikkje lagt ut artiklar på nettsida vår så lenge nettet er nede. Men info om kabelbrotet kan oppdaterast frå pc på Hjelmelandsida (ikkje 17mai)


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.