Kabelbrot på nettkabel

Onsdag formiddag 11.mai skjedde det eit kabelbrot på fiberkabelen som ligg i sjø og går inn mot Jøsneset i Skiftuvika. Dette har medført at nettet på Jøsneset ligg nede.

Onsdag kveld opplyste folk frå Relacom at det kunne bli eit omfattande arbeid å reparere skaden. Det trengtes dykkarar på staden for å lokalisere og påvise omfang av skaden.
Det kunne òg bli aktuelt med kabelskip på staden for å reparere skaden. Difor ligg nettet nede onsdag 11 og torsdag 12 . Ukjendt når nettet er «oppe og går igjen».


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.