Denne mannen jobber for tida på Jøsneset og lurer på om det er meir arbeid for han her før han drar vidare: Hei,Jeg heter Erv?ns. Jeg er 30, føler meg ung og sterk. Nå for tiden leter etter kortsiktig sesong arbeid i Norge. Jeg har vært i Norge tidligere som arbeidstaker. Jeg har ID kort, …
Helselaget tar for tida ei ringerunde til alle som har «adoptert» ein tursti, for å høyre om det trengs fleire skilt, merkepinnar eller maling. Vi oppdagar jo av og til at vær, vind og hjort? slit på merking og skilt. Det er tydeligvis nokre hjortar eller kanskje «Elghild» som har oppdaga at pålar med skilt …
Fredag 27. mai klokka 18 blir det konsert i Spinneriet med elevar frå kulturskulane i Hjelmeland og Stavanger. Konserten er gratis og open for alle. Du kan lesa meir om konserten her
Eit eldre bustadhus skal brennast 24.05.11 på Åsland. Brannvesenet skal stå for nedbrenninga og nyttar høve til samtidig å ha øving på røykdykking med nytt utstyr, slik dei hadde i Vormedalen sist onsdag.
Til hausten kan hjorten på Jøsneset kjenne seg svært utrygge! I tillegg til mange allereie aktive jegrar, er det no utdanna fleire nye jegrar på Jøsneset. Med stønad frå Jøsneset viltlag har desse bestått jegerprøven: – Jone Hjorteland – Jonas Gbada – Sondre Fosså – Eirik Fossaa – Tomas T – Lars Gudmund Brandal Lukke …
JIPPI : Etter 9 dagar utan nett i bygda, er det nå «oppe og går igjen». Det har vore kabelskip i fjorden heile veka. Kabelen var visstnok «ute av kurs» – låg rett under oppdrettet, og dette medførte vel òg utfordringar i forhold til å reparere skaden. Torsdag kveld var det folk frå Relacom som …
Gjer deg klar for vårens vakraste eventyr: HARDHAUSEN og/eller 3-NUTSTUR:Ein tøff og flott dagstur mellom fjord og fjellSET AV SØNDAG 12.JUNI = 1.PINSEDAG. KART OG MEIR INFO OM TURANE OG OPPLEGGET FØLGJER !!
Nettkabeltrøbbel er heldigvis ikkje til hinder for ei god, tradisjonsjonell 17.mai feiring. 91-årige (!!) Arthur Westersjø står klar både som formann i 17-maikomiteen og som talar for dagen, og han har med seg ein sulandes komitè – så 17 mai skal det bli !!! Les 17-mai programma for Jøsneset og dei andre bygdene HER.
Heile Jøsnesbygda er framleis utan nett, etter sjøkabelen som går inn til bygda blei ødelagd onsdag 11.mai. Ved telefonsamtale med feilmeldinga til Telenor i dag 16.mai, kunne dei ikkje love snarleg løysing på problemet, og eigentleg heller ikkje gi detaljert svar på det konkrete spørsmålet. Kabelbrot i sjø må løysast med spesiell kabelbåt, ev ubåt …
Onsdag formiddag 11.mai skjedde det eit kabelbrot på fiberkabelen som ligg i sjø og går inn mot Jøsneset i Skiftuvika. Dette har medført at nettet på Jøsneset ligg nede. Onsdag kveld opplyste folk frå Relacom at det kunne bli eit omfattande arbeid å reparere skaden. Det trengtes dykkarar på staden for å lokalisere og påvise …
Jøsneset Eldretreff avslutter vårsesongen med å bli med Hjelmeland frivilligsentral på busstur til Sauda 26.mai. Alle 12 brukerne har meldt seg på, og kan glede seg til guida busstur med lokalhistorie, omvisning på industriarbeidermuseet og fabrikken, middag på Sauda fjordhotell og tid til å se i butikker og handle. Andre som har lyst å være …
Våren er ei travel tid for nokon og ein kvar; eksamenar, konfirmasjonar, lemming, vinnå, fotballkampar, møter, fridagar osv osv.Volleyballgjengen har difor beslutta å ta sommar-pause……..iallfall på dei ordinære onsdagstreningane. Men husk at det blir volleyballturnering i sommar med OJ EventsMeir info følgjer.
51 stk har gått hjertemarsj på Jøsneset i dag! Jøsneset helselag samarbeida med skule, barnehage og eldretreff for å arrangere årets hjertemarsj! Coop Hjelmeland sponsa frukta som alle fekk etter dei hadde trimma seg. Det var runde rundt «nullen» med quiz i år, og premie til den med flest rett (vart loddtrekning mellom …