Månad: april 2011

Kva gjer oss bulyst på Jøsneset?

Jøsneset helselag er invitert med, blant nokre andre lag i Hjelmeland, til å søkje om å få tildelt midlar av potten som nå skal ut til distrikta frå regjeringen si side, for å auke bulysta i distriktsnoreg. Vi har svært kort frist på oss, og må ha noko konkret klart allereie fredag denne veka (8.april)! …

Om betaling for Aerobic

Sidan «siste nytt» sakene forsvinn nedover etter kvart som nye artiklar vert lagt til, kan du heller sjå i menyen til venstre under «lag/organisasjonar» og vel «helselaget». Der er det nå lagt ut opplysningar om konto og datoar for Aerobic for dei dette gjeld. Mvh Helselaget

Åsland Ved

Dersom du er interessert i å kjøpe ved kan du sjå meir info frå Åsland Ved her.

Ny vedprodusent på Jøsneset

Ole Geir Åsland frå Tau overtok heimegarden på Åsland i 2010 og har no i starten av 2011 investert i flott nytt vedutstyr (viss ein ser vekk i frå David Brown-traktoren i forkant..) og satsar på å få tatt ut mykje ved framover! Med seg på lasset har han bonden og nordsjøarbeidar Eilef Foss som …

03.04.11 Fleire bilete

Stolt far (oksen til høgre) på tur med sine små.. Eilef Foss har tatt desse bileta av vårteikn på Åsland.   Svartfjes Hereford

Himmel og hav i morgenmøte

Slik såg du ut frå terassen i Ingjesdalen ei morgenstund for ikkje så lenge sidan. Når skyene kjem ned i fjorden på besøk, då blir det MAGISK.Det gjeld om å fange øyeblikket – og det gjorde Cesilie Wåland virkeleg denne flotte morgonen. Blinkskudd ! Klikk på bildet så får du sjå det større !! Stemningsfullt, …

Tid for krokus og vårkos

Endeleg er dei her !! Dei optimistiske krokusane! Dei strekk kronblada sine høgt til værs i Solbygda i desse dagar !Laurdag 02 april slo til med deilig vårvær og årets høgaste temperaturar – 14 pluss……Me korrigerar: heile 18 pluss blei det målt på Jøsneset denne dagen   Kanskje du òg har sett nokre fine vårteikn …

Vegarbeid på Ingjesdalvegen

Den kommunale vegen til Ingjesdal er under oppgradering, og ein må rekne med ca 1 mnd anleggsarbeid. Ingjesdalvegen går altså frå Paul Olav Skiftun utover langs sjøen til snuplassen ved Magne Langvik.   Det er bærelaget på vegen som er dårleg, og dette har medført store sprekker, hol og nedsenka kjørebane. Bærelaget må skiftast ut …

Jerv på Jøsneset!

Slapp av alle saueeigarar – det var jo sjølvsagt berre ein aprilspøk!