Joda, det var stor ståhei når alle skogens dyr skulle lage fest for Bamsefar i lia.
Det same var tilfellet når alle borna på Jøsneset skule/barnehage og Jøsenfjorden skule/barnehage skulle lage fest for «bamsen sin», nemlig Rasin Rektor.
Rasin blei 60 år lørd 30. april. Men alle borna og alle lærarkollegaene til Rasin hadde ein stor hemmelegheit på lur alt på fredagen.
I all hemmelegheit bar de stolar og bord og pølser og godsaker ut i vårsola i ballbingen: der laga dei til eit stort festbord til ære for rektoren sin.
Det blei gåveutdeling, opptrinn og fin bursdagssong. Gøy, ikkje sant?
Me føyrer oss inn i rekka av gratulantar: gratla Rasin
(bildet er henta frå Facebookprofilen hans)
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.