Helselaget si turbok er igjen på plass i kassen på Norda Høgaste på Herefjellet – etter at den «gamle» blei tatt ned for eit par veker sidan: våt og ødelagd. Så nå er det berre å ta turen – så får du bli med på Helselaget sin topptur-konkurranse.
Flotte påske-forhold på Herefjellet: ikkje snø i løypa; kun små snøfenner her og der. På Asheimstemmen (foto) ligg det enda restar av snø/is. Det er tørt og fint å gå i terrenget – kun vått i myrane elles lett og godt å gå nå før lyngen veks til.
På turen blei det observert to store froskar i full sving med både paring og egg-legging i Asheimstemmen , deretter blei «NordaHøgaste-reven» observert luskande i løypa like før toppen, og på veg ned igjen via Hedlestølen var to store hjortar òg ute på tur…..og i dei vårvarme bakkane syng vårfuglane for fullt og kvitveis og kusymra blomstar. Og på Åsland sprett dei nye lamma rundt i våryre sprell.
Joda, mange gode grunnar til å ta turen på Herefjellet……det beste av alt: den formidable utsikten.
God påsketur.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.