Ungdomslaget: fotokurs og årsmøte

Lørd 26.mars kl 13.00 TRIVSELSTOVA

Me får besøk av Morten Hetland i Hetland Media.
Han gir oss tips og råd om
god digital fotografering, lagring av bilde og enkel fotoredigering på PCn.

Kr 50 

Etter fotokurset, ca 14.30  blir det kaffe og noko attåt, og så ÅRSMØTE:

SAKLISTE  ÅRSMØTE JUL :

1.    Godkjenning av innkalling og sakliste

2.    Val av møteleiar og referent

3.    Årsmelding og Rekneskap for 2010
4.  Årsplan 2011

5.    Val: Maria Brandal og Sven Westersjø er ikkje på val, og sit i styret eitt år til. Ola Skiftun, Svanhild H Gbada og Anne Hjorteland står på val. Valnemnda v/Lene Hjorteland, Anne Auglend og Anita Skiftun foreslår følgjande nye til styret: Sigbjørn Nesvik, Joar Rosså og Torstein Rødde. Leiar skal veljast av årsmøtet – valnemnda har ingen forslag.

6. Eventuelt: saker som de ynskjer tatt opp på årsmøtet, skal vere styret i hende seinast 7 dagar før styremøtet: ungdomslaget@josneset.no, el leiar Anne Hjorteland, 41631014

 

Hjarteleg velkomne  frå  oss i styret i Jøsneset Ungdomslag…

…som satsar på betre frammøte enn i fjor …Wink


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.