Månad: januar 2011

Volleyballtrening torsd 6.jan

  Det var bra frammøte på «rom-juls-volleyballen», og nå satsar me på like stort frammøte framover vinteren 2011. Volleyball er sosialt, gøy og passer for alle…..og det er viktig å komme i form til sommarenMØT OPP I GYMSALEN TORSDAGAR KL 20.00. Arr: Ola Skiftun/JUL

Jøsneset på Wikipedia

Redaksjonen hadde nyleg kontakt med «ein ivrig wikipedianar», som m.a. har skrive om Jøsneset på Wikipedia. Lurer du på kva Wikipedia er: sjå HER. Nå har han òg lagt ut link til nettsida vår på Wikipedia. I dag 02.01.2011 var det plutselig 153 gjester inne på sida vår på ein gong.  Kanskje berre tilfeldig, eller……? (det vanlege er meir rundt+/- 10 …

Juletrefest 8.januar 2011

Juletrefestkomiteen inviterer til JULETREFEST laurd 8.jan kl 17.00, Gymsalen   Komiteen skriv: «Me ønskjer velkommen til tradisjonell juletrefest for store og små. Servering av graut, gløgg og julekaker. Leiker, song og gang rundt juletreet.Kvar familie tar med eit fat med julekaker. Pris: Vaksne 50,- Born under ungdomsskulealder: kr 20,- Nissen kjem – me vonar at …

Me minner om spå-konkurransen 2011

Nytt år – nye utfordringar. Ingen VEIT kva året vil bringe. Men alle:  store, små, unge, gamle kan bli med å SPÅ JØSNESET SI FRAMTID 2011. Send inn dine svar på dei 15 spørsmåla nedanfor innan 15.februar 2011, så er du med på Jøsneset Ungdomslag sin SPÅDOMS-KONKURRANSE 2011 :   1. I løpet av 2010 har Jøsneset hatt ei folkevekst på 10 pluss. …