Månad: januar 2011

Bygdetreff for alle på Jøsneset 12 feb

Det er Jøsneset Bygdaråd, Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag som i fellesskap innbyr heile bygda, store og små, unge og gamle til triveleg bygdetreff i lag. Bygda har hatt ganske god vekst i det siste, ikkje minst sist år med 10 nyinnflytterar. Me er veldig glade for alle som flytter til Jøsneset, og dette er det grunn til …

Nye opningstider Mixn Nauste

Cesilie på Mixn Nauste på Nesvik melder om nye opningstider: Man_fred kl 13-18 Lørdag og søndag 11-19

SKISMØREKURS

Er du lei bakglatte ski? Tunge klabbar? Dårleg glid? Ødelagde skiturar? Fortvil ikkje. Me har løysinga !! Jan Merland er ein ekte skientusiast. Han har gått masse på ski sjølv og vore med i idrettslaget og lagt til rette for skiglede for barn og unge.Tysdag 1. februar kl 18.00 kjem han til gymsalen på Jøsneset for å …

Rennebilløp

 Joda, me veit det er lenge til enda……men du må jo begynne å designe og snekre bilen din i god tid For i dette billøpet er det kun plass for heimesnekra, sjølvgåande rennebilar. Les meir om dette HER. Meir info kjem – men nå bør du begynne å bla i bil-blad og kjekke nettsider for olabilar …

Brainstorming på Samfunnshuset

Er du ein av dei som syns det skjer for lite på samfunnshuset på Hjelmeland ?Har du idear og ønskjer om ting som bør skje der?Då er «brainstormingskvelden» noko for deg. Styret for Samfunnshuset går ut med brei informasjon via epost og plakatar, og i oppropet står det som følgjer: «HVA ØNSKER DU SKAL SKJE …

22.01.11 stipend til jegerprøven

Jøsneset viltlag har ei ordning med stipend til folk i bygda som tek jegerprøven. Stipendet kan tildelast folk busette på Jøsneset, medrekna skuleelevar og studentar som tek utdanning andre stader, men ikkje har meldt flytting. Beløpet vart sett til 500 kroner. Stipendet vert å utbetala ved framlagd dokumentasjon på avlagd jegerprøve.

Damekveld

Årets første Damekveld blir torsdag 27. jan kl 20.00 i Trivselstova! Det blir enkel servering til drøsen – Velkomen!

22.01 Barnetrim vinter/vår 2011

Barnetrimmen for småskule og storskulen starta opp 19.jan og fortsetter annenhver onsdag fram til og med 13. april. Oversikt over tider og ansvar for trimmen finner du på «Å vera med på» til venstre i menyen.

20.01 Pressemelding frå OJ Events og Norsk Toppvolley avd Skiftu

Me har fått ei pressmelding frå Rios heite sandstrender:  «OJ Events, Sekreteriatet & Norsk Toppvolley avd. Skiftu»  planlegg nå  SKIFTUDAL OPEN 2011. Les pressemeldinga HER

20.01 Opnare landskap i Skiftudalen

  Etter nyttår har det vore aktiv skoging langsmed Skiftubekken , og landskapet opnar seg opp og utsikten blir flott. I den siste tida har det vore så tett skogsvegetasjon langsmed bekken, at ein ikkje kunne sjå frå eine sida av dalen til andre sida. Etter skoginga i vinter er det blitt flott utsikt. Nå kan ein sjå …

16.01.11 Dåp med forviklingar

Det vart delt ut bøker til dåpsskulen.     Prest Ole Dagfinn Østhus med eit av dåpsbarna.   Det var ein koseleg seremoni på Jøsneset bedehus denne søndagen. Det var to barn som vart døypt og det vart delt ut bøker til dåpsskulen. Veret var ikkje det beste denne søndagen, mykje regn om natta etter …

Volleyball blir flytta til onsdagar

  Volleyballtreninga blir flytta frå torsdagar til ONSDAGSKVELDAR, kl 20.00 Gymsalen.

Tid for nytt jegerkurs

Hjelmeland Jakt-og fiskelag/Hjelmeland Skyttarlag og Hjelmeland Frivilligsentral arrangerer nå JEGERKURS.Påmeldingsfrist er 21. januar 2011.Les meir om kurset og kor du melder deg på HER

08.01.11 Koseleg julatrefest

Julatrefestkomiteen hadde gjort ein god innsats og folk fekk ein koseleg julatrefest laurdag 08.01.11. Vi koste oss med graut og julakaker, gong rundt julatre og litt leiker. Spesielt engasjerte vart både born og vaksne av konkurransen om å lage den lengste remsa ut av eit A4-ark..     Teikn halen på grisen var og ein …

Honning til sals

Sjå under «næringsliv» til venstre i hovudmenyen for lokale varer.

Familegudstjeneste Jøsneset Bedehus

Det blir familiegudstjeneste på Jøsneset Bedehus sundag 16 januar kl. 13.00. Dei som vil sleppe å reise til Hjelmeland denne dagen, kan i staden møte opp på Jøsneset. Det er to barn som skal døypast denne sundagen på Jøsneset. Så vidt me kjenner til er det berre eit barn som er døypt før på Jøsneset …

Høgafjell-gubben si turbok

Mange hyttefolk i Øygarden og Knutsvik synes det var litt dumt  at turboka på Høgafjell måtte vike i fjor. Høgafjell boka til helselaget er erstattet med en ny bok som ble lagt ut i Januar i fjor, denne boken vil bare bli liggende ute til den er utskrevet. Det var hele 164 noteringer i boken, …

Bli med i revygjengen

Kun 106 dagar til PåskerevyenJoda, for revygjengen har alt begynt å lea på seg – så Påskerevy skal det bli i år òg !!!  Har du lyst å bli med i revygjengen, så kom an !! Det er mange jobbar som skal gjerast for å få til ein slik revy som me har hatt dei …

05.01 Skiftun Fiskemottak startar fiskeutsal på Sand

Skiftun Fiskemottak har planar om å utvide drifta si til òg å omfatte sal av fisk. Dette skal skje i dei tidlegare meierilokala på Sand.Les meir om dette i Suldalsposten.

KorLøye er klar for ny sesong

Nei, dette er ikkje bilde av KorLøye……såå mange og såå «styla» er me dog ikkje.Men KorLøye er likevel klar med sesongstart på mandag 10 jan kl 19.30 Jøsenfjorden. Deretter annakvar mandag Jøsneset og Jøsenfjorden KorLøye er eit høgst uhøgtideleg amatør-kor, som hittil har bestått av 8-10 damer frå Jøsneset og Jøsenfjorden. Nå er kanskje tida moden …