Statistikken vår viser at josneset.no er stadig godt besøkt – og meir enn i fjor
Om besøkstalet ikkje plent går rett til himmels, så peikar iallefall pila vår oppover !!
I fjor hadde me 9 477 besøk. I år har det auka til 13 500 besøk, derav 3924 unike brukarar (dvs ulike pc-ar som har logga seg inn på sida). Tilsaman er det opna 52 500 sider på nettsida vår (obs: januar 2010 er ikkje med i statistikken, så dette er over 11 mnd).
I fjor var det i gjennomsnitt 30 brukarar pr dag – i år har dette auka til eit gjennomsnitt på ca 40 brukarar pr dag 🙂
Dette tykkjer me er kjempebra – for dette må me jo sjølvsagt sjå i forhold til storleiken på den vesle bygda vår Jøsneset, som denne «smale» sida dreier seg om .
Me kan òg sjå at det er i månadane mai (1668 besøk) og desember (1112 besøk) me har hatt best besøk.
Den aller beste dagen i året for josneset.no var mandag 24.mai 2010 – dagen etter Hardhausen. Den dagen var det 102 besøkande.
Den enkeltartikkelen som har hatt mest treff var, ja nettopp, om Hardhausen: heile 1767 treff var det på den artikkelen.
Det var suuuper-duper reklame for Jøsnes-heia det gitt .
Forøvrig har me ila 2010 hatt 10 artiklar med over 1000 treff.
Og heile 140 artiklar har hatt mellom 500-1000 treff – det òg er me nøgde med, sett i forhold til «opplandet» vårt.
Litt gøy å vite at artikkelen om «Jøsnesposten» hadde 1116 treff (kanskje Jøsneset skule skulle vurdere å auke opplaget?)
Påskerevyen hadde 1005 treff – og som ein kuriositet: artikkelen om vår kjære «Bobby Bøen» hadde heile 870 treff.
Kjendis-katt, blir vel det nærmaste å kalle den karen.
Av permanente artiklar (artiklar som ligg fast i sida vår) er det «Turstiane» og «Turstikarta» som er mest besøkt – etterfulgt av «Tomter/Hus» – alle desse med nesten 2000 treff.
Me veit òg at mandagskveldar mellom 22 og 23 er den mest populære tida å besøke josneset.no. Og i gjennomsnitt er dei besøkande inne på sida i ca 7 min.
Sjølvsagt er det landet Norge som desidert toppar statistikken av «besøksland», deretter land i Europa: der Sverige, Danmark, England og Spania «toppar» lista.
Deretter er det frå USA det er mest treff, og deretter, ja……Russland er det faktisk ein del treff frå
Litt artig er det òg at folk i Ukraina, SaudiaArabia, Iran, Irak og SørKorea har funne vegen til josneset.no. ……ikkje i store folkemengdar, men likevel….Kanskje berre tilfeldig??
Me reknar òg med at me har ein del «faste kunder», dvs folk som sjekker innom relativt jamnleg. Det er ikkje uvanleg å sjå at ein artikkel har mellom 50-100 treff etter 1-2 dagar etter at den er lagt ut.
Det er flott at folk nyttar JOSNESET.NO. Dette gir inspirasjon til vidare drift.
Me gjer merksame på at sida blir drifta på heilt frivillig basis, og difor blir den sporadisk oppdatert.
Me kunne gjerne ønska oss meir «kontakt» med brukarane, så send gjerne inn tips, bilder og artiklar. Som de ser er dette ein flott kanal å få formidle Jøsnes-stoff av almenn interesse på. Og hugs: dette er sida der ingenting er for smått (apropos Bobby Bøen)
Stoff sendast til ungdomslaget@josneset.no; helselaget@josneset.no eller bygdaradet@josneset.no.
GODT NYTT ÅR TIL ALLE BRUKARAR AV JOSNESET.NO
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.