God Jul !!

 


I år som i fjor kom julesnøen som bestilt !

Juleafta stod snøbygene tett og den fine snøen kledde bygda i sin finaste kvite julestas.

1. juledag opprant med strålande sol, speilblank Ombofjord og minus 10. Snøen hang på greiner og strå. Ei vakker julehelg !!


Norda-Skiftu Juleafta – det snødde tett !

Skiftudalen Juleafta…..utsikten mot Randøy er blokkert av snøbygene.


1.juledagsmorgon: blå himmel, kaldt og snø på buskar og trær.


«Sentrum» i bygda….Skiftukrossen


Ved brannstasjonen står julegrana som Bygdarådet har pynta med lys…..

……medan andre trær har naturen sjølv sørga for å pynteSmile

Ikkje bli overraska om nisser og troll dukkar oppWink…iallefall ei eventyrleg julestemning i skogen denne dagen.


Julehelsing frå Håvehammar 1.juledag.

GOD JUL TIL ALLE LESARAR AV www.josneset.no

Og hugs:

send oss gjerne di julehelsing frå bygd eller by: ungdomslaget@josneset.no

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.