Dag: 3. desember 2010

Utsiktspunkt Bastbergneset

Statens Vegvesen planlegg eit nytt stopp/utsiktspunkt v/ Bastbergneset mellom Nesvik og Vindsvik v/ RV13. Området skal opparbeidast med parkeringsplass, trapper ned mot sjøen og beplantning over den store steinfyllinga som i dag pregar området. Planen er nå på høyring, sjå HER.

Ullinnsamling

Til alle sauebønder! Hjelmeland Sau og Geit melder om ullinsamling i desember:  Nortura: torsdag 09.desember. Meld inn tal sekker innan tysdag 07.des til Øystein Bjelland 99256458Fatland: fredag 17 des. Meld inn sekker til sjåfør Frode 95151268

Stengt veg RV13 Hålandsosen-Kilane

Statens Vegvesen melder at RV13 Hålandsosen-Kilane blir heilt stengt for trafikk i veke 49 frå måndag 06.des kl 9.00 til fredag 10.des kl 15.00 Omkjøring fylkesveg 632 over Gullingen blir skilta. Kollonnekjøring for store kjøretøy. Anbefalt omkjøring E39 om Arsvågen-Mortavika for tungtransport. For oppdaterte veg-og trafikkmeldingar tlf 175 eller www.175.no Statens Vegvesen

Folkedanskveld

Hjelmeland Folkedanslag arrangerer Juleavslutning i gymsalen på Jøsneset skule søndag 05.12 kl 19.00. Johan Hiim er spelemann. Velkommen !