Statistikken vår viser at josneset.no er stadig godt besøkt – og meir enn i fjorOm besøkstalet ikkje plent går rett til himmels, så peikar iallefall pila vår oppover !! I fjor hadde me 9 477 besøk. I år har det auka til 13 500 besøk, derav 3924 unike brukarar (dvs ulike pc-ar som har logga seg inn …
På Juleafta var det Arthur Westersjø 90 år frå Jøsneset som stod i fokus i fleire media i fylket. Både Stavanger Aftenblad og Strandbuen hadde artiklar med den spreke 90-åringen, og radiointervju i NRK Lokalen var det òg Stavanger Aftenblad fokuserte på at Arthur sannsynlegvis er Norges eldste politikar: for igjen stiller han på AP …
Me har fått melding om at juletrefesten blir LAURDAG 8.JANUAR 2011, og at lappar er på veg ut i postkassane. Meir info her følgjer når me har fått «lappen».
Volleyball-treningane i haust har slått bra til, og det har vore bra frammøte. Primus motor er Ola Skiftun i Ungdomslaget. Han dreg nå i gong òg ROMJULS-VOLLEYBALL…….det er godt å trimma av seg litt julekaker, er nok filosofien bak dette her påfunnet. Møt opp i GYMSALEN LITLA NYTTÅRSAFTA kl 20.00. Invitasjonen går til kvinner og …
I år som i fjor kom julesnøen som bestilt ! Juleafta stod snøbygene tett og den fine snøen kledde bygda i sin finaste kvite julestas. 1. juledag opprant med strålande sol, speilblank Ombofjord og minus 10. Snøen hang på greiner og strå. Ei vakker julehelg !! Norda-Skiftu Juleafta – det snødde tett ! Skiftudalen Juleafta…..utsikten mot Randøy er blokkert …
Hjortajakta blei avslutta 29.11 og det blei i følge fellingsrapporten skutt 43 hjortar på Jøsneset dette året. Jøsneset Viltlag har eit stort vald og hadde i år jaktløyve på 50 dyr. Fellingsprosenten blei altså 86 %, så det var bra. Jøsneset Viltlag er i følge skogbruksrådgjevaren i kommunen det valdet der det blir skutt mest …
Kl 00.38 natt til onsdag 22. desember – ca 15 timar etter fullmåne med total måneformørkelse – inntreffer vintersolverv. Frå nå av vil detlangsomt gå mot lysare tider Men «snur» eigentleg sola? Nei, det gjer den sjølvsagt ikkje – det er berre ein talemåte. Men dette er tidspunktet ein gong i året då …
Me har fått ei koseleg julehelsing til bygdafolket frå eit besteforeldre-par i Stavanger. Sjå HER Dette var eit godt tips, folkens. Har de lyst å sende ei jule-eller nyttårshelsing til Jøsnesfolket, så er dette staden å formidle det.Me oppmodar til fleire «julekort» !! Send gjerne med bilde. Sendast til ungdomslaget@josneset.no
Helselaget har også i år delt ut blomar til medlem over 80 år. I alt 10 blomar vart delt ut i år og dei kan glede seg over ei fin juleasalea. Me ynskjer også alle andre ei god jul og eit godt nyttår!
Eli Fossmark og Inge Knutsvik har flytta til Knutsvik. Jøsneset, 10 i pluss! Ok, mattekunnskapene må kanskje rustas opp, men så langt «redaksjonen» har greidd å telje kjem Jøsneset ut med 10 personar i pluss i 2010! Det er jo kjempepositivt, og vi håpar at det er ein trend Heile 7 stk har flytt til …
Dei trufaste ferjependlarane blei møtt av ein nypynta julesalong på mandagsmorgonJuletreglitter er sirleg hengt opp over vindauga i alle salongar på ferja – så her kan du hente tips til di eiga julepynting i heimen Pendlarane er bittelitt usikre på om pyntinga er heilt «i boks» for i år…….dei årvisse julestjernene på bordene i salongane …
Værprognosane seier «kvit jul i Hjelmeland, men usikkert i Stavanger». Les her.
I sommar blei det oberservert ein Google Earth-bil med kamera på, både på ferja og på vegane på Jøsneset. Nå foreligg resultatet på nett, og de kan alle vere med på ei fantastisk bilde-reise langs alle vegar på heile Jøsneset. Bilda er av svært god kvalitet og er tatt fortløpande frå bilen, og du kan snu …
«Godt ka så e gjort før jul», tenkte visst den travlne damegjengen i KorLøye, for nå er jula sungen inn…..fix ferdig med det 8-10 damer frå Jøsenfjorden og Jøsneset treffest kvar 14.dag for litt felles gladsong….og dette fenomenet kalles «KorLøye». Siste øving før jul var mand 6 des. Denne mandagskvelden var det julasongar som stod på programmet …
Utvendig renovering av det gamle huset til Jorunn og Eilef er ganske snart ferdig, siste finpuss gjenstår, så er huset brakt tilbake til sin fordums prakt.
Statens Vegvesen planlegg eit nytt stopp/utsiktspunkt v/ Bastbergneset mellom Nesvik og Vindsvik v/ RV13. Området skal opparbeidast med parkeringsplass, trapper ned mot sjøen og beplantning over den store steinfyllinga som i dag pregar området. Planen er nå på høyring, sjå HER.
Til alle sauebønder! Hjelmeland Sau og Geit melder om ullinsamling i desember: Nortura: torsdag 09.desember. Meld inn tal sekker innan tysdag 07.des til Øystein Bjelland 99256458Fatland: fredag 17 des. Meld inn sekker til sjåfør Frode 95151268
Statens Vegvesen melder at RV13 Hålandsosen-Kilane blir heilt stengt for trafikk i veke 49 frå måndag 06.des kl 9.00 til fredag 10.des kl 15.00 Omkjøring fylkesveg 632 over Gullingen blir skilta. Kollonnekjøring for store kjøretøy. Anbefalt omkjøring E39 om Arsvågen-Mortavika for tungtransport. For oppdaterte veg-og trafikkmeldingar tlf 175 eller www.175.no Statens Vegvesen
Hjelmeland Folkedanslag arrangerer Juleavslutning i gymsalen på Jøsneset skule søndag 05.12 kl 19.00. Johan Hiim er spelemann. Velkommen !
Statens Vegvesen har sendt ut informasjon om korleis brøyting og strøing på fylkesvegar og riksveg vil bli utført i vinter. Også denne vinteren legg dei opp til ulike standardkrav på RV13 på sør- og nordsida av Jøsenfjorden. Så vèr obs. Infoheftet finn du HER.