Søndag 5. desember tenner me julegrana ved brannstasjonen. Me startar med fakkeltog frå Skiftun-kaien klokka 17.00. Det blir gløgg, pepparkaker og gang rundt juletreet – og kanskje dukkar nissen opp? Alle er velkomne!
Då sentrale personar i det høgtideleg seriøse koret KorLøye har andre påtrengjande gjeremål mandag 29 november, blir korøvinga utsett ei veke, altså til mandag 6.desember. Då blir det øving på Jøsneset, 19.30.
Siste del av november har vore prega av kaldt, stilt og stabilt barfrostvær.Fint inne ved peisen……men magisk ute i naturen òg Naturen byr på litt andre opplevingar enn i sommarhalvåret. Her på veg opp Åslandsbakkane mot Herefjellet. Frå Norda Høgaste ned mot Erfjord og inn Erøysundet Utsikt mot Gunlanuten. Dette er dagen før hjortajakta tek slutt …
Dersom nokon skal på topptur i desember, er det fint om de kan ta med og byte boka på Norda Høgaste, Tausanibbå, Røssenibben, Gunlanuten og Valafjell. Gi beskjed til Ingeborg Westersjø på tlf 92850297 så ordnar ho bok de kan ta med opp og ta med den andre ned igjen til ho. Det er veldig …
I 2010 har det, etter kva «redaksjonen» har klart å telje, vore ei auke på heile 12 personar på Jøsneset! Pluss 3 stk som bur midlertidig i Nesvik. Dette er ei svært positiv utvikling, og vi håpar at det betyr at vi får ein oppsving att, der fleire vel å «flytte heim» eller at det …
Me treng tips og idèar til nettsida. Veit du om eit arrangment, eller små eller store ting som skjer på Jøsneset – SÅ TIPS OSS !Det er enkelt: klikk «kontakt oss» oppe på sida – så vips har du epostadressene våre.
Husk Volleyball-trening torsdagar kl 20.00 i gymsalen. Volleyball er ein sosial og kjekk sport som passer for alle, så ta med deg naboen og kom Arr: Jøsneset Ungdomslag
Fotoforedrag m/ Audun Hetland, Jøsenfjorden skule, 18. november NB NB kl 19.00(ikkje 19.30 slik tidligare annonsert) Inngang kr 30,- inkl mat Les meir om seilaset HER Arr: Jøsenfjorden Fritidsklubb
Torsdag 11 november inviterte Jøsneset og Jøsenfjorden skule til Bygdakveld på Jøsneset. Elevane tok ein fullstappa sal med gjennom eit over 1-times variert program. Og salen lot seg begeistre: på dei to små skulane gror talenta !! Tema for kvelden var «Barnelitteratur og forteljingar i ulik form» og tillegg var det framføringar av Kulturskule-elevar.Det var …
………pga BYGDAKVELDEN som Jøsneset- og Jøsenfjorden skule arrangerer. Men møt opp neste torsdag kl 20.00 – då er det volleyball igjen.
Når reklame blir så kostelig som det Suldal Billag har klart å stelle i stand her, så må me nesten oppmode folk om å klikke på følgjande link frå YouTube og nyte øyeblikket http://www.youtube.com/watch?v=PgWa0lqDL9g Kva anna kan ein sei : SULDAL BILLAG – HU HEI KOR DET GÅR !!! og PS: ser du …
Hjelmeland sitt fotball-lag G15, der heile 5 Jøsnesgutar var med, har nå spela sin siste kamp etter nesten 10 år i lag. Dei fem Jøsnesgutane som har spela på dette laget er Eirik Fossaa, Jone Hjorteland, Marius Loktu, Jonas Hjorteland Gbada og Trond Brandal. Eirik var førstemann som starta å trene omtrent i skulestartalder, og …
Jøsnesguten Jone Hjorteland (15) er klar for Rogaland krets sitt fotball-lag. Jone er ein ivrig kar – og fleire dagar i veka er han å sjå på veg over fjorden med gymbagen på ryggen – på veg til fotballtrening eller fotballkamp. Han har i fleire år spela på Hjelmeland sitt guttalag, G 15, og spela ein viktig …
På HJELMELANDSNYTT finn du ein arrangementkalender for Hjelmeland. Arrangementkalenderen er sortert bygdevis og etter dato, så det er veldig enkelt å finne oversikt over kva som skjer i ditt nærmiljø. Det er Hetland Media v/ Morten Hetland som driftar sida. For at HJELMELANDSNYTT skal vere mest mulig komplett og oppdatert er det viktig at du, …
Torsdag 11 november innbyr skulen til BYGDAKVELD på Jøsneset Skule kl 18.30Tema er «Barnelitteratur og forteljingar i ulik form»Om me kjem til å sjå slike makalause triks som denne godjenta utfører, er vel heller usikkert.Men skulebarna kjem garantert til å gi oss god underhaldning !!! I skrivet frå skulen står det:» Jøsneset og Jøsenfjorden skular …
Aktivitetsdag for ungdom i Jøsenfjorden laurdag 6 november. Les meir HER Jøsneset Ungdomslag er medarrangør……i dette tilfellet inneber det bilskyss inn el ut til fjorden om nokon treng det.Elles er det Gjil Aktivitetssenter som står for opplegget og maten
…..ja, iallefall om me skal tru resultata frå Nasjonale Prøvar. Sjekk artikkelen på NRK ROGALAND, der det viser seg at Hjelmelandsskulane kom dårlegast ut på leseferdigheiter for 5.klassingar. Vindafjord kom nest dårlegast ut, men det ser ut som dei alt har sett i gong tiltak……les meir om nytt leseopplegg på Imsland skule HER.