Dag: 24. oktober 2010

Volleyballtrening på torsdagar

 TORSDAGSKVELDAR I GYMSALEN PÅ SKULEN kl 20.00. Ungdomsskulealder og oppover. Ta med deg naboen, kompisen, kånå, venner og kjendte – volleyball er god, gøy og sosial trening. (og ps: tenk viss det blir Skiftudalen Open- turnering til sommaren —— då må du legge deg i trening) Arr: Jøsneset Ungdomslag

24.10 Gode bidrag til TV-aksjonen

Det var Helga Havnerås, Berit Hjorteland og Terje Bremnes frå Bygdarådet som stilde som bøssebærarar for TV-aksjonen til Flyktninghjelpen i år. Helga fortel at dei blei positivt mottatt og at seddel etter seddel blei putta på. Mange sat klar med pengane då dei ringde på, medan andre hadde hengt pengar klar i pose på døra til dei. Svanhild …

24.10 Kniv mista

I gjesteboka i «Kalvagaren» v/ Fosstemmen er det ein turgåar frå Stavenger som opplyser at han har mista kniven sin på strekninga opp til Fosstemmen. Om nokon finn den, så er han veldig glad om han får den igjen. Kniven er svart, og det står «cold steel» på bladet.Han opplyser ikkje om det var på skogsvegen …

24.10 Hederspris til Jøsnesbonde :-)

«And the winner is»………nei, ikkje akkurat denne karen……men han er jo ein medverkande aktør på garden som fekk prisen:  BØEN v/ Silje Sværen og Øyvind Oaland. Hedersprisen «Årets bonde 2010»  blei delt ut under den store landbruksmessa Agrovisjon2010 som var i Stavanger denne helga. Prisen (som bestod av eit flott kunstverk og ein diplom ) blei delt …